-
·
Mykje nytt i fotballgruppa
Mellom anna er ny trenar for A-laget er på plass, Mona Ødegård Standal har vorte nytt medlem i fotballkretsen, Per-Øyvind Sørbø vart tildelt Honorert Leiarstipend og Joakim Knapstad vart årets dommar. Les meir på www.eikefjord-fotball.no
-
·
Vi har pengane
Ein strekt pressa Fredrik Helland bekrefta at ein har penger til Eikefjord Skule sjølv om rådmann har tatt det ut av budsjettforslaget som politikarane skal ta stilling til.Eikefjordingane får då håpe at viljen også er til stades slik flygebladet før valget så fint viste. Kristen Steger Breisnes ønskte velkommen til over 70 frammøtte som hadde…
-
·
InSpire utvidar med ny butikk
In-spire har vore ein suksess sidan fire driftige damer opna dørene til ny butikk i sentrum. Butikken, som har satsa på smått og stort til hus og heim, etablerte seg i lokala til den nedlagte blomsterbutikken i Eikefjord. No ønskjer grunnleggjar Nina Liseth å prøve seg med ein ekstra butikk, og ho har blinka seg…
-
·
Joakim på høgste nivå
Joakim Knapstad blir den fjerde dommar i eliteserien frå Sogn og Fjordane denne sesongen. På søndag debuterer Joakim som linjedommar på landets øvste nivå. – Det er utruleg kjekt å få sjansen, og det er eit mål eg har jobba mot i lengre tid, seier Joakim til NRK. Det blir spanande og utfordrande, og eg…
-
·
Alle i bygda invitert til skulemøte.
I kveld, torsdag 24. november kl 19-21 vert det storforeldremøte i gymsalen. FAU ynskjer å invitere alle i bygda og håpar på stort frammøte! I juni vart det vedteke ei utbygging av skulen, med ei ramme på 68 millionar kroner. No signaliserer rådmannen at det derimot ikkje er rom for ei slik investering. Ordførar, rådmann…
-
·
Julekonsert 16/12
Eikefjord Skulemusikk inviterer til Julekonsert i Eikefjord Kyrkje fredag den 16 desember klokka 1900. Vi har med oss Olaug Alvheim, som vil formidle julebodskapet i ord og tonar.
-
·
Tenning av julegrana 27/11
Kommande søndag går vi inn i advent. Grendalaget og skulemusikken inviterer til tenning av lys i julegrana i sentrum, klokka 18.00. Alle er hjarteleg velkomne til adventskafè på Allhuset fra klokka 16.00. Her vert det servert kaffi og kaker, til juletonar fra Eikefjord Skulemusikk. Vi spelar i ulike bolkar, så her kan ein komme som…
-
·
SV: Dette er ikkje eit trygt og godt læringsmiljø
Flora SV meiner kommunen gamblar med liv og helse når rådmannen ønskjer å utsetje prosjektet med å rehabilitere Eikefjord skule. – Det primære er den overhengande rasfaren. 10. november hadde vi vårt første møte på skulen. Her fekk eg sjå rassikriniga som eg meiner er under ein kvar kritikk. Nokre spinkle stålgjerder er alt som…
-
·
Pubquiz på Allhuset laurdag!
Det er nok ein gong på tide å trimme dei «små grå»! Ta med deg vener og familie, eller kom åleine og bli med eit lag! Kl 20.30 opnar dørene og kl 21.00 er vi i gong! :-)))Som vanleg er det maks seks personar per lag og 20 kr for å delta. Set av nokre…
-
·
Storforeldremøte/allmøte på Eikefjord skule, torsdag!
Torsdag 24. november kl 19-21 vert det storforeldremøte i gymsalen. Tema er rassikring og rådmannen sitt utkast til budsjett og handlingsprogram for Flora kommune. Der er rehabilitering og påbygging av Eikefjord barne- og ungdomsskule teke ut av både budsjettet for 2012 og økonomiplanen 2012 – 2015. Rådmann, ordførar og leiar i KUOP er invitert til…