Om Eikefjord

Eikefjord er ei idyllisk og flott bygd på Vestlandet. Bygda ligg midt mellom byane Florø og Førde, og er dermed ein godt eigna plass å bu med god tilkomst til begge byane som ligg om lag 25 km frå bygda. Det er kort avstand frå fjord og sjø til skog og fjell. Dette gjer til at bygda har mange naturopplevingar å by på. Fleire tilrettelagte stiar og gode merka turar på fjellet er noko av mange muligheiter.

Det er rundt 1300 innbyggjarar i Eikefjord, og mottoet for Eikefjordingane er «vi kan, vi vil og vi får det til».  Bakgrunnen for dette mottoet er dugnadsånda og viljen for å tilrettelegge og gjere bygda til ein attraktiv og kjekk plass å bu i. Det har i åra vore ein del «hårete mål» som er vorte gjennomført, og dette gjer til at innbyggjarane har ein ekstra forkjærleik til bygda.