Joakim på høgste nivå

Joakim Knapstad blir den fjerde dommar i eliteserien frå Sogn og Fjordane denne sesongen. På søndag debuterer  Joakim som linjedommar på landets øvste nivå.

– Det er utruleg kjekt å få sjansen, og det er eit mål eg har jobba mot i lengre tid, seier Joakim til NRK.  Det blir spanande og utfordrande, og eg håpar jo på ein fin kamp. Dette og prisen i helga gir meg motivasjon til å satsa vidare på dømminga, og målet er å etablera seg i eliteserien.

Les meir hos NRK S&Fj