Takk til eit kunnskapsrikt sofapanel

5. juni vart eikefjord.net relansert, etter ein sofasesjon med Per-Øyvind Sørbø, Odd Asle Endestad og Lars Terje Standal. Desse tre karane tok oss gjennom historia til eikefjord.net frå tidleg 2000-tal. Dette var ei kjekk stund, og vi takkar for at de tok oss med på denne reisa.

Målet med eikefjord.net er no å samle all informasjon kring det som skjer i bygda, på ein felles plattform. Det er Eikefjord grendalag som står som ansvarleg redaktør, men vi vil no gå ut og sjå etter gode sambygdingar som har lyst til å skrive litt om det dei har lyst til å sette fokus på. Kan dette vere deg? Ta kontakt med oss i grendalaget, så tar vi ein prat om vegen vidare.

Leiar i grendalaget, Christina Stæger-Breisnes, var på sjølvsagt på plass med blomstrar som takk for ei gild stund.
Tre nøgde karar vert foreviga av ein fotograf som sjølv ønska å vere med i biletet.