-
·
Utforkøyring i Svarthumle
Forbipasserande melde til politiet kl 4 natt til lørdag om ein bil som ligg i grøfta ved Svarthumle. Bilen er særs ramponert og har sansynligvis vore på taket. Det skal ikkje være skadde personar i samband med uhellet. Ein patrulje var på staden og foretok åstadsgransking og vil etterforske vidare. Ein person pågripen og mistenkt…
-
·
Drukkenskap
Kl 0202 fekk politiet melding om drukkenskap i Eikefjord. Politi og ambulanse rykte ut til ein privat fest i Eikefjord etter melding om at ein mann var overstadig rusa på staden. Det heile roa seg før politiet kom til staden og det var ikke naudsynt med helsepersonell.
-

·
Joakim vart årets dommar
Joakim Knapstad vart kåra til årets dommar på kretstinget til Sogn og Fjordane Fotballkrets som går av stabelen denne helga i Førde. Les meir her på www.eikefjord-fotball.no Foto: Privat
-
·
Lys Vaken 26. og 27.11
Minner om Lys Vaken i Eikefjord kyrkje 2011 neste helg, frå 26. – 27.11, for 11- og 12-åringar. Invitasjon er sendt ut. Påmeldingsfristen var eigentleg 17.11, men vi forlengar til måndag 21.11. Dei som er med på Dans utan grenser laurdag, kan kome etterpå. Venleg helsing Kari på kyrkjekontoret. Mail : post@kinnkyrkje.no
-
·
Årsmøte fotballgruppa torsdag 1. desember
Det vert årsmøte i Eikefjord Fotball torsdag 1.desember kl 19.00. Møtet vert halde på klubbhuset. Saklista vil vere vanlege årsmøtesaker. Alle medlemmer i Fotballgruppa har møte,-tale,-forslags og dei over 15 år har i tillegg stemmerett. Eventuelle innspel til saker må vere styret i hende innan 29. november. Alle er hjarteleg velkomne. Vel møtt!
-
·
Utset skulebygging
Rådmann Terje Heggheim vil utsette bygging av ny skule, og utviding av barnehagekapasiteten i Eikefjord. Dette kom fram då han presenterte sitt framlegg for 2012 budsjett for Flora kommune i formannskapet i dag. – Rasfaren ved Eikefjord skule gjer truleg til at vi må flytte bygningskroppen lenger vekk frå området. Det kan også vere naturleg…
-
·
Koriander med konsert
Koriander hadde konsert og dans på lørdag. Firdaposten var innom og tok bilder. Sjå bilder i Firdaposten
-

·
Eikefjord – Fyllingen i dag
Eikefjord basket har i dag heimekamp mot Fyllingen 4. div basket. Fyllingen som kjem frå Bergen ligger på 7 plass, Eikefjord ligger for tida på ein fin 5 plass. Dette ligger an til å bli ein jevn kamp. Tabellen finner du HER. Kampen går i Florø idrettsenter i dag klokka 14.30.
-
·
Avsluttning av plansmia
Steinar Furnes heldt i dag ein samla oppsummering vedr. målsetning, arbeids og møtemetoder for plansmia i Eikefjord. Han ga uttrykk for en positiv holdning og stå på vilje hos bygdefolket som engasjert seg i de ulike arbeidsgruppene. Særlig blei skolen sin engasjerte elevgruppe trekt fram som gode meningsbærere med visjoner for egen utvikling.
-
·
Minner om konsert og dans i morgon, laurdag!
Kl. 20.00 brakar det laust i Allhuset med musikalkonsert. Koriander har fått med seg dyktige musikarar frå Bremanger og Bergen og lovar fullt trøkk frå første tone. Nytt denne gongen er at det vert eit multimedia-show med tema knytt til dei ulike musikalane. Etter konserten er det dans med ViTo. Velkomen skal du vere! Dørene…