-
·
Trafikkulykke ved Grov
Meldt om trafikkulykke på Fv 614, like nord for Grov. Utrykking til staden av politi ambulanse og brannvesen. Det var ein bil involvert og ein person i bilen. Bilen hadde kjørt utfor vegen på høgre side og hadde ein del skadar i front. Førar, ein mann i 30-åra, vart sendt til Førde sentralsjukehus. Han er…
-
·
Julekalender
Fotballgruppa har eigen julekalender. Kvar dag heilt fram til den store dagen då nissen kjem skliande ned gjennom pipa, kjem ein til å opne luke for luke. Les meir på www.eikefjord-fotball.no
-
·
Privat barnehage
Både Høgre og Venstre vil satse på privat barnehage med 80 plasser vest i Eikefjord. Det er nerliggande å tru at dei vil satse på området som Vidar Knapstad har tilbudt i sitt byggefelt nord for Nesjane Industriområde. Det var knapt fleirtal i formannskapet der opposisjonen, SV og AP med eikefjordingen Anders Sunnarvik, gjekk imot…
-
·
Sikrer tomt til skulen
Råsmann Terje Heggheim får fullmakt til å forhandle om kjøp av marka sør om skulen og Salmontunet. Trygve Ullaland har nett kjøpt Salmontunet og sett igang regulering av området til bustadformål. Han er villig å stoppe opp og forhandle med kommunen for å gje frå seg areal. Sveinung Ålen eig resten av marka.Les også Firdaposten…
-
·
BARN I MAGE ELLER VOGN: BLI MED!!!
Tysdag 6.12.11 kl. 12:00 samlast bystyret i Flora kommune for å handsame sak om utviding av Eikefjord barnehage. Vi vil med dette oppfordre alle foreldre som kan å stille i bystyret for å synleggjere behovet vi har for barnehageplassar i bygda!
-
·
Julekonsert med Koriander!
Søndag 18. desember inviterer Koriander til julekonsert i Eikefjord kyrkje. Her får ein høyre mange av dei kjende og kjære julesongane, og også nokre nye og kanskje ukjende. Fleire av medlemmene vil også krydre konserten med solistroller. Unn deg tid i den hektiske førjulstida til å roe ned og gløyme julestria for ei lita stund. Meir informasjon…
-
·
Julemesse
Søndag 4. desember vert det julemesse på Alhuset frå kl. 1300-1800. Her blir det mulighet til å kjøpe varer, alt frå heimelaga raggsokker til lefser og flatbrød. I tillegg kan ein få mange spennande julegaveidèer. Sal av Rømmegraut, kaffi, kaker og åresal. Inngangsbillett: 10,- pr. pers. Barn under 10 år gratis. Arr. komite Samlingsheimen.
-
·
Minnar om årsmøte i fotballgruppa torsdag 1. des kl 18.00
Det vert årsmøte i Eikefjord Fotball torsdag 1.desember kl 19.00. Møtet vert halde på klubbhuset. Saklista vil vere vanlege årsmøtesaker. Alle medlemmer i Fotballgruppa har møte,-tale,-forslags og dei over 15 år har i tillegg stemmerett. Eventuelle innspel til saker må vere styret i hende innan 29. okt. Alle er hjarteleg velkomne. Vel møtt!
-
·
Joakim Knapstad med internasjonal deby
Joakim Knapstad blei søndag den fjerde dommar i eliteserien frå Sogn og Fjordane denne sesongen. Allereie på onsdag er han i Belgia for å dømme U23 landskamp mellom Belgia og Italia. Joakim er den føsste dommaren frå Eikefjord og heile Sunnfjord som tek steget opp til dømming i internasjonal fotball. Berre tre andre dommarar frå…
-
·
Pubquiz avlyst!!!
Pubquizen som skulle vore i morgon vert avlyst grunna mange tilbakemeldingar om at folk ikkje kan kome. Dette er ei travel tid for alle, og vi ser difor at det ikkje er noko vits i å arrangere quiz i morgon. Men, då kan vi jo alle gle oss ekstra til den STORE quizen i romjula!!…