Kategori: Nyhetsarkiv

  • BARN I MAGE ELLER VOGN: BLI MED!!!

    Tysdag 6.12.11 kl. 12:00 samlast bystyret i Flora kommune for å handsame sak om utviding av Eikefjord barnehage. Vi vil med dette oppfordre alle foreldre som kan å stille i bystyret for å synleggjere behovet vi har for barnehageplassar i bygda!

  • Julekonsert med Koriander!

    Søndag 18. desember inviterer Koriander til julekonsert i Eikefjord kyrkje. Her får ein høyre mange av dei kjende og kjære julesongane, og også nokre nye og kanskje ukjende.  Fleire av medlemmene vil også krydre konserten med solistroller.  Unn deg tid i den hektiske førjulstida til å roe ned og gløyme julestria for ei lita stund. Meir informasjon…

  • Julemesse

    Søndag 4. desember vert det julemesse på Alhuset frå kl. 1300-1800. Her blir det mulighet til å kjøpe varer, alt frå heimelaga raggsokker til lefser og flatbrød. I tillegg kan ein få mange spennande julegaveidèer. Sal av Rømmegraut, kaffi, kaker og åresal. Inngangsbillett: 10,- pr. pers. Barn under 10 år gratis. Arr. komite Samlingsheimen.

  • Minnar om årsmøte i fotballgruppa torsdag 1. des kl 18.00

    Det vert årsmøte i Eikefjord Fotball torsdag 1.desember kl 19.00. Møtet vert halde på klubbhuset. Saklista vil vere vanlege årsmøtesaker. Alle medlemmer i Fotballgruppa har møte,-tale,-forslags og dei over 15 år har i tillegg stemmerett. Eventuelle innspel til saker må vere styret i hende innan 29. okt. Alle er hjarteleg velkomne. Vel møtt!

  • Joakim Knapstad med internasjonal deby

    Joakim Knapstad blei søndag den fjerde dommar i eliteserien frå Sogn og Fjordane denne sesongen. Allereie på onsdag er han i Belgia for å dømme U23 landskamp mellom Belgia og Italia. Joakim er den føsste dommaren frå Eikefjord og heile Sunnfjord som tek steget opp til dømming i internasjonal fotball. Berre tre andre dommarar frå…

  • Pubquiz avlyst!!!

    Pubquizen som skulle vore i morgon vert avlyst grunna mange tilbakemeldingar om at folk ikkje kan kome. Dette er ei travel tid for alle, og vi ser difor at det ikkje er noko vits i å arrangere quiz i morgon. Men, då kan vi jo alle gle oss ekstra til den STORE quizen i romjula!!…

  • Mykje nytt i fotballgruppa

    Mellom anna er ny trenar for A-laget er på plass, Mona Ødegård Standal har vorte nytt medlem i fotballkretsen, Per-Øyvind Sørbø vart tildelt Honorert Leiarstipend og Joakim Knapstad vart årets dommar. Les meir på www.eikefjord-fotball.no

  • Vi har pengane

    Vi har pengane

    Ein strekt pressa Fredrik Helland bekrefta at ein har penger til Eikefjord Skule sjølv om rådmann har tatt det ut av budsjettforslaget som politikarane skal ta stilling til.Eikefjordingane får då håpe at viljen også er til stades slik flygebladet før valget så fint viste. Kristen Steger Breisnes ønskte velkommen til over 70 frammøtte som hadde…

  • InSpire utvidar med ny butikk

    In-spire har vore ein suksess sidan fire driftige damer opna dørene til ny butikk i sentrum. Butikken, som har satsa på smått og stort til hus og heim, etablerte seg i lokala til den nedlagte blomsterbutikken i Eikefjord. No ønskjer grunnleggjar Nina Liseth å prøve seg med ein ekstra butikk, og ho har blinka seg…

  • Joakim på høgste nivå

    Joakim Knapstad blir den fjerde dommar i eliteserien frå Sogn og Fjordane denne sesongen. På søndag debuterer  Joakim som linjedommar på landets øvste nivå. – Det er utruleg kjekt å få sjansen, og det er eit mål eg har jobba mot i lengre tid, seier Joakim til NRK.  Det blir spanande og utfordrande, og eg…