Kategori: Nyhetsarkiv

  • Alle i bygda invitert til skulemøte.

    I kveld, torsdag 24. november kl 19-21 vert det storforeldremøte i gymsalen. FAU ynskjer å invitere alle i bygda og håpar på stort frammøte! I juni vart det vedteke ei utbygging av skulen, med ei ramme på 68 millionar kroner. No signaliserer rådmannen at det derimot ikkje er rom for ei slik investering. Ordførar, rådmann…

  • Julekonsert 16/12

    Eikefjord Skulemusikk inviterer til Julekonsert i Eikefjord Kyrkje fredag den 16 desember klokka 1900. Vi har med oss Olaug Alvheim, som vil formidle julebodskapet i ord og tonar.

  • Tenning av julegrana 27/11

    Kommande søndag går vi inn i advent. Grendalaget og skulemusikken inviterer til tenning av lys i julegrana i sentrum, klokka 18.00. Alle er hjarteleg velkomne til adventskafè på Allhuset fra klokka 16.00. Her vert det servert kaffi og kaker, til juletonar fra Eikefjord Skulemusikk. Vi spelar i ulike bolkar, så her kan ein komme som…

  • SV: Dette er ikkje eit trygt og godt læringsmiljø

    Flora SV meiner kommunen gamblar med liv og helse når rådmannen ønskjer å utsetje prosjektet med å rehabilitere Eikefjord skule. – Det primære er den overhengande rasfaren. 10. november hadde vi vårt første møte på skulen. Her fekk eg sjå rassikriniga som eg meiner er under ein kvar kritikk. Nokre spinkle stålgjerder er alt som…

  • Pubquiz på Allhuset laurdag!

    Det er nok ein gong på tide å trimme dei «små grå»! Ta med deg vener og familie, eller kom åleine og bli med eit lag! Kl 20.30 opnar dørene og kl 21.00 er vi i gong! :-)))Som vanleg er det maks seks personar per lag og 20 kr for å delta. Set av nokre…

  • Storforeldremøte/allmøte på Eikefjord skule, torsdag!

    Torsdag 24. november kl 19-21 vert det storforeldremøte i gymsalen. Tema er rassikring og rådmannen sitt utkast til budsjett og handlingsprogram for Flora kommune. Der er rehabilitering og påbygging av Eikefjord barne- og ungdomsskule teke ut av både budsjettet for 2012 og økonomiplanen 2012 – 2015. Rådmann, ordførar og leiar i KUOP er invitert til…

  • Utforkøyring i Svarthumle

    Forbipasserande melde til politiet kl 4 natt til lørdag om ein bil som ligg i grøfta  ved  Svarthumle. Bilen er  særs ramponert og har sansynligvis vore på taket. Det skal ikkje være skadde personar i  samband med uhellet. Ein patrulje var på staden og foretok åstadsgransking og vil etterforske vidare. Ein person pågripen og mistenkt…

  • Drukkenskap

    Kl 0202 fekk politiet melding om drukkenskap i Eikefjord. Politi og ambulanse rykte ut til ein privat fest i Eikefjord etter melding om at ein mann var overstadig rusa på staden. Det heile roa seg før politiet kom til staden og det var ikke naudsynt med helsepersonell.

  • Joakim vart årets dommar

    Joakim vart årets dommar

    Joakim Knapstad vart kåra til årets dommar på kretstinget til Sogn og Fjordane Fotballkrets som går av stabelen denne helga i Førde.   Les meir her på www.eikefjord-fotball.no     Foto: Privat

  • Lys Vaken 26. og 27.11

    Minner om Lys Vaken i Eikefjord kyrkje 2011 neste helg, frå 26. – 27.11, for 11- og 12-åringar. Invitasjon er sendt ut. Påmeldingsfristen var eigentleg 17.11, men vi forlengar til måndag 21.11. Dei som er med på Dans utan grenser laurdag, kan kome etterpå. Venleg helsing Kari på kyrkjekontoret. Mail : post@kinnkyrkje.no