-
·
Spenst og sirkeltreningar stoppa for sommaren
Spenst og sirkeltreningane på tirsdagane er no stoppa for sesongen. Bli heller med på turane til Friidrettsgruppa som vil bli starta om ikkje så lenge.
-
·
Turstiar rundt Eikefjord i kommuneplanen
Kommuneplan for idrett, friluftsliv 2010 – 2015 skal opp i Kultur og oppvekstutvalet i morgon. I Eikefjord, ser rådmannen det som naudsynt at det også blir prioritert utbygging av anlegg for fysisk aktivitet i dei sentrumsnære områda i bygda. Det blir derfor foreslått at legg inn turstiar rundt Eikefjord. Når det gjeld fleirbrukshall, stettar det…
-
·
Eikefjordkarusellen 2011 runde 1
Tysdag 10. mai stilte 45 friske ungar på idrettsanlegget for å vere med i årets utgåve av Eikefjordkarusellen. Veret var fint, og frammøtte vaksne stilte hjelpsamt opp, slik at stemnet kunne avviklast nokolunde kjapt og greitt. Likevel vart det for hektisk mot slutten då 300 meteren stod for tur samstundes som klokka skunda seg det…
-
·
Nytt draktsett frå Sparebanken
Sparebanken Sogn og Fjordane har i mange år vore ein stor bidragsytar til idretten i Sogn og Fjordane. Banken er hovudsamarbeidspartnar til Sogn og Fjordane Fotballkrets, og målsettinga med samarbeidet er å skape aktivitet og engasjement i lokalsamfunnet. Det blir ofte fokusert på eliteidrett, men Sparebanken Sogn og Fjordane er også sitt ansvar bevisst i…
-
·
Foto frå 17. mai i Firdaposten
Også Firdaposten var i Eikefjord 17. mai. Her finn du bilda.
-
·
A-laget slit tungt
Fredag kveld blei det 0-3 tap borte mot Selje. Begge laga stod utan poeng etter to serierundar. Selje fekk ein god start som i dei to føregåande kampane, og gjekk opp til 1-0 alt etter 5min. Eit bra angrep på høgresida, med innlegg frå Kristoffer Nøstdal, vart flikka vidare i feltet og Martin Hove sette…
-
·
Konsert på søndag
Søndag 15 mai kl 18.00 blir det konsert i Eikefjord kyrkje. Leszek Michalski som spelar blokkfløyte vil presentere dette instrumentet gjennom musikkstykke i mange ulike stilartar; kjende klassiske perler, viser og poplåtar. Leszek er lærar i Kulturskulen i Flora og er ein virituos musikar. Konserten er GRATIS!! VEL MØTT!
-
·
DUGNAD I DAG
Minner om rydding i Eikefjord kl 18-20. Oppmøte ved In-Spire. Sveler og kaffi.
-

·
Rita Eriksen til Eikefjorddagane 2011
Siste helga før skulestart feirer vi bygda vår tre dagar til ende. Tradisjonen tru er der kyrkjekonsert etter opninga fredag 12. august. Dørene opnar for ei oppleving med Rita Eriksen Trio kl. 19.00 (konsertstart kl. 20.00). Eriksen er kjend og kjær for mange. Kvinna frå Stavanger har vore aktiv plate- og konsertartist sidan tidleg nittital,…
-

·
16. MAI ARRANGEMENT
Eikefjord Ungdomslag ønskjer tradisjonen tru å lage til ei samling for ungdommen i bygda 16. mai. Vi syns det er dumt at ein reiser til by’n denne kvelden når vi har eit godt tilbod heime i bygda. Som tidlegare år vil vi tilby eit arrangement som startar på Miljøstranda med grilling, sandvolley og kanskje bading…