-
·
Minner om dugnad i sentrum!
Torsdag 12. mai kl 18-20 samlast eikefjordingane om å rydde og stelle sentrum til 17. mai!!! Ta med river, greiper og kostar til feiande godt sosialt samver. Vi steikjer svele og serverer kaffi. Oppmøte ved In-spire!:)
-
·
Arbeidsuhell
Ein mann er skadd etter eit arbeidsuhell i Eikefjord. Mannen har fått klemskadar og blir teken hand om av helsepersonell. Politiet er på staden og foretek undersøkingar. Arbeidstilsynet er varsla. Saka vert vidare etterforska av Flora politistasjon.
-
·
HOVLANDSTØLEN OPP 5. JUNI
Hovlandstølen Opp er flytta i år til søndag 5 juni kl. 13.00. Oppmøte på klubbhuset søndag 5. juni frå kl. 10.30 for trim og mosjon for påmelding og uttdeling av startnr.Barneløpet startar kl. 12.30 i svingen nedanfor stølen. Ein må berekne 1 time opp til stølen. Ta trimturen opp med heile familien.
-
·
Oppstart Eikefjordkarusellen 2011
I ettermiddag startar Eikefjordkarusellen på stadion med øvingar for store og små: 1. runde – tysdag 10. mai kl. 17.30 – 60m, lengde, 300m, 2 km 60m og lengde for alle årsklassar, 300m for litt eldre born, 2 km for store og vaksne. Startpengar kr 30,-. Medalje til alle som er med…
-
·
Trippel-feiring
Søndag vart trillingane Madeleine, Emilie og Andreas Hamn frå Knapstad i Eikefjord konfirmerte.Med tre konfirmantar vart mamma Bente Bjerk Hamn tre gonger så rørt, fortalde ho etter seremonien. Les meir i Firda
-

·
Kino onsdag 11 mai
Onsdag 11.05.2011 kl .18.00 er det kino igjen. Vi starter med GNOMEA OG JULIE 3D som er tillatt for alle. Dette er tidenes største kjærlighetshistorie, og i hovedrollen… hagenisser? Kl. 20.00 er det FAST AND FURIOUS FIVE, med sensur: 15 år. Dominic og co befinner seg nok en gang på feil side av loven.
-
·
Bilete i frå miniputt turneringa
Strålande sol og mykje folk var med på å laga ei fin ramme rundt miniputt turneringa som vart arrangert i går. Bilete, filmsnurr og anna finn ein her på www.eikefjord-fotball. no PS. Ein vil og minne om smågutelaget G 13/14 som har heimekamp på bana i dag kl 19.00. Vel møtt!
-
·
Vegarbeid i Svarthumla
Endeleg er det utsikter til bedre veg frå tunellen og mot krysset til Ramsdalsheia. Søndag kveld var asfaltarbeidet komt godt igang og no på morgonen er sikkert det meste av asfalten lagt. 1 år og 2 månader gjekk det frå bomstasjonen vart stengd til arbeidet med riving blir fullført.
-
·
Trist andreomgang for A-laget på fredag
Eikefjord spelte jamnt med Skavøypoll i den fyrste omgangen på fredag, men fekk eit uheldig mål mot seg 5 minutt før pause og låg dermed under 1-2. Den andre omgang var så trist at www.eikefjord-fotball.no sin kommentator ikkje vil kommentere dette. 5-0 tap i denne omgangen seier vel det meste.
-

·
Miniputt turnering på bana i dag sundag!
Fotballgruppa vil ynskje borna, foreldre, trenarane og andre velkomen til bana i dag sundag! Året fyrste miniputt turnering går av stabelen, og med høg aktivitet, ivrige born og mykje publikum gjer desse arrangementa til ein kjekk stad å vere. Kampane går i frå 10 til 14, og kiosken kan friste med eit stort spekter…