Kategori: Nyhetsarkiv

  • Utan førarkort på uregistrert traktor

    Politiet stoppa ein uregistrert traktor på rv. 5 ved Grov. Førar hadde ikkje førarkort. Det er oppretta sak og denne vert vidare etterforska av Flora politistasjon, melder politiet.

  • Konfirmantmøte

    Nytt klokkeslett for konfirmantmøte. Informasjonsmøtet tirsdag 31.mai om eit nytt konfirmantår 2011/2012 for konfirmantar og foreldre/foresatte vert kl.2000 og ikkje som annonsert kl.1930. Det skyldes korpskonserten i kyrkja same kveld. Helsing Dag Leirvik

  • In-spire’asjons nytt

    In-spire har hatt fast Hobbykved den siste torsdagen kvar månad. På hobbykveldane held vi ope til 2200 og har enkel servering. Da vi no forhåpentlegvis går lysare tider i møte, og folk velger andre sysler enn å sitte inne, vert det pause i Hobbykveldane fram til våren. Tidspunkt for ny Hobbykveld vil komme då.

  • Sikrare skuleveg

    Sikrare skuleveg

    Hammaren på veg frå skulen til Hovland har vore omtalt fleire ganger på Eikefjord.net. Denne hammaren har i alle år vore utsatt for ising om vinteren med tilhøyrande ras utover våren. Tirsdag var Mesta på plass og renska hammaren for lause steinar. Vi har fått ned alt som er laust oppe i skjæringa seier den…

  • Men damelaget gjorde ein større prestasjon same dagen..

    Høyr berre her: Etter å ha kome under heile 5-0 borte i mot Gaular etter 68 spelte minutt, så klarte damene til Eikefjord å lage 5 mål på dei siste 20 minutta, så stillinga vart tilslutt 5-5! Meir om opphentinga kan du og lese om på fotballsida.

  • Endeleg siger til A-laget

    A-laget fekk endeleg ein 3 poeng etter å ha slått Sandane 2 med heile 7-1 på stadion tirsdags ettermiddag. Les meir hos Eikefjord-fotball eller Firdaposten

  • Nytt velværetilbud

    Merethe Jansson Ask har etter ei tenkepause bestemt seg for å prøve å etablere seg i Eikefjord / Barlindbotten. Ho er utdanna hudpleiar / kroppsterapaut ved Norsk Frisør Hud og Stylist skule på Hamar i 2004. I tilegg utdanna som negldesigner og permanent makeup artist. Merethe fortel at før arbeidde ho både i Førde og…

  • EIL selger Firehjulingar

    EIL selger Firehjulingar

    EIL kjøpte 2 mini Firhjulingar i 2003 til bruk under Eikefjord Dagane. Nå er Motorcrossa gruppa opphøyrd og Frihjulingane er ikkje i bruk. EIL ønsker å selge firhjulingane- Merke: Dino 50.ccm. Eine Fihjulingen er blå og i god stand, andre er rød og eignar seg som delesykkel. Nypris 12.000 pr stk. Selges samla for 3000,- eller høgare bud!

  • Eikefjordkarusellen 2011 runde 2

    Før fotballkampen i dag samlast vi til 2. runde i Eikefjordkarusellen kl. 17.30. I dag er det 60m, kule og 300m som står på planen for borna. 2 km løp for unge og vaksne. Startpengar 30,- kr. Medalje til alle som er med tre gonger.

  • Sandane 2 kjem på besøk

    Sandane 2 kjem på besøk

    Eikefjord sitt A-lag i fotball skal spele heimekamp i dag tysdag mot Sandane 2 kl 19.00. Vel møtt!