-
·
Sende sjokkbølger gjennom publikum
Firda.no melder at det gjekk sjokkbølgjer gjennom sukkerspinnet og hårgeleen til publikum då Demolition Crew opna sommarfest i Sunnfjord med knallhard rock fredag kveld. Eikefjordingane var dei første av fem finalistar i talentkonkurransen, og truleg av det mest hardtslåande slaget. Følg med i Firda
-
·
Til landsfinalen i sykling
Distriktsfinalen i NAF sin sykkelkonkurranse vart arrangert i Førde måndag 30.05.11, med 42 påmelde frå 7 skular. Eikefjord skule sine to deltakarar gjorde sine saker godt. Håvard enda med 12 prikkar totalt på ein femteplass i guteklassen. Mathilde vann jenteklassen rimeleg suverent med 13 prikkar samanlagt. Dermed var ho utteken til å representere Fjordane i…
-
·
HOVLANDSTØLEN OPP PÅ SØNDAG.
Hovlandstølen Opp er kommende søndag 5. juni Oppmøte på klubbhuset søndag 5. juni frå kl. 10.30 for trim og mosjon og for påmelding, samt uttdeling av startnr. Barneløpet startar kl. 12.30 i svingen nedanfor stølen. Ein må berekne 1 time opp med mindre born opp til stølen. Ta trimturen opp med heile familien. Drikkestasjon halvvegs i…
-

·
Bremanger kjem på besøk
Eikefjord sitt unge A-lag i fotball skal spele heimekamp i morgon fredag mot Bremanger kl 19.00. Vel møtt!
-
·
Hovlandstølen Opp på søndag 5. juni
Hovlandstølen Opp er kommende søndag 5. juni Oppmøte på klubbhuset søndag 5. juni frå kl. 10.30 for trim og mosjon og for påmelding, samt uttdeling av startnr. Barneløpet startar kl. 12.30 i svingen nedanfor stølen. Ein må berekne 1 time opp med mindre born opp til stølen. Ta trimturen opp med heile familien. Drikkestasjon halvvegs i…
-
·
Trekning av bøker på Nipene
I tradisjonens ånd vil EIL i år òg ha trekning på bøker på nipene og premiere på Eikefjord Dagane. Trekninga vil verte i slutten av juli og nipene ein vil ha trekning frå er: – Vikanipa, Strandanipa, Nipevatnet og Blånipa.
-
·
Seier over Loen
Eikefjord sitt unge A-lag starta litt famlande, og Loen fekk nokre småsjansar på dei ti første minutta. Men så fekk Eikefjord eit tidleg mål etter 17 spelte minutt, og enda to mål til før kvilen. Etter kvilen laga tangotrøyene ytterlegare to mål, medan Loen fekk eit mål på straffespark. Resultatet til slutt vart 1-5 til…
-
·
Konsert i Kyrkja tirsdag kl 19.00
Eikefjord Skulemusikk har gleda av å invtere til konsert med Florø Hornmusikk, i Eikefjord Kyrkje tysdag klokka 1900. Florø Hornmusikk vil spele smakebitar frå årets reportuar, alt frå konkurransestykker, til marsjar og sarte salmar. Dirigent er Jason Burn. Inntekta går til drift av korpset, og vi håpar de vil nytte høvet til ei kulturell oppleving i vårkvelden. Helsing…
-

·
Årelaget med nettside
Eikefjord Årelag fortel i introen at det er laget for dei gode stunder med bølgjeskvulp langs båtsida, lett knirk av årar mot vætte keipar. Dei rolege stunder langs landskuggen i skumringstimen med ein annan sin rygg i takt med dine åretak. Ein lett prat med ryggen framføre deg, medan vi kviler på årane og søkjer…
-
·
Undersøkte rasfaren
Onsdag var to geologar frå Norges Geotekniske Institutt på plass for å gjere undersøkingar av rasfaren i hammaren bak Skulen. Synfaringa skal resultere i ein endeleg rapport som vil konkludere kva som trengst av rassikring.