Undersøkte rasfaren

Onsdag var to geologar frå Norges Geotekniske Institutt på plass for å gjere undersøkingar av rasfaren i hammaren bak Skulen. Synfaringa skal resultere i ein endeleg rapport som vil konkludere kva som trengst av rassikring.

Leiar i samarbeidsutvalget ved skulen, Brigt Samdal, har sendt ein e-post til rådmannen med fleire spørsmål kring situasjonen. Mellom anna vil han vite om konklusjonen geologane har komme med i første rapporten gjeld for det planlagde bygget eller også for eksisterande drift av bygget. Han ber også om at Flora kommune vurderer sikkerheten umiddelbart og treffer naudsynte tiltak.

I svaret frå kommunen vert det fremheva at dersom NGI hadde vurdert rasfaren som akutt ville dei stengt av området umiddelbart. Den endelege rapporten vil gi konklusjonar slik at naudsynte tiltak kan bli tatt med i revidert budsjett.

Rektor, Torleik Stegane, syns ikkje det er hyggeleg å ha ansvar for elevar og tilsette i denne situasjonen. Han har nedlagt forbud mot å opphalde seg nærare enn 15 meter frå det rasfarlege området. Elevane forstår alvoret og det går greitt å handheve forbodet.

Det er ubehageleg at tilkomsten til skulen er usikker og vil derfor gjere framlegg om bygge ein midlertidig veg lengre sør.

Kommunen håper å motta rapporten frå NGI innan 14 dager.

Les meir i Firdaposten.

Skulevegen er bygd mellom hammaren og Håborsteinen. Oline Endestad kan fortelle at hennar oldemor Hilda Eikefjord, som var gift med Salamon Eikefjord, fortalde at når Håborsteinen datt med blei 9 hestar drepne. Dette skjedde før Hilda si tid.