Kategori: Nyheter 2012

Små og store nyheter  Eikefjord i 2012

  • Direkte frå konsert i Paris til konsert i Florø

    Andreas Taklo frå Grov spelar klaverkonsert i Florø kyrkje tysdag 03. april kl 19.30. På programmet er musikk av Schubert, Bach, Tveitt og Liszt. Dette er hans første større solokonsert. Han spelar og konserten i Paris no på torsdag. Nytt høvet til ei god konsertoppleving før påske.

  • No må dei ansvarlege på bana!

    Senterpartiet sin minister Ola Borten Moe i OED prioriterer 1: friluftsliv, 2: turisme, 3; kulturminne; 4 inngrepsfrie områder, framfor trygge oppvekstvilkår og levande bygder!

  • Påskequiz på Allhuset onsdag 4. april.

    Då er det endeleg klart for årets første quiz. Påskequizen har etablert seg som ein tradisjon og i fjor vart vi over 100 personar samla på Allhuset. Som vanleg vert quizen onsdag før skjærtorsdag, altså 4. april. Dørene opnar kl. 20.30 og quizen startar kl. 21.00. Det kostar 20 kr per person og det kan…

  • Departementet fekk ikkje protesten

    Folk i Eikefjord i Flora er svært fortvila over at Olje- og energidepartementet før jul gjekk inn for at den nye store kraftlinja gjennom fylket skal gå like ved skulen i bygda. Dei har lenge protestert mot planane, og fekk støtte hos Flora bystyre. Allereie i februar protesterte bystyret på dette trasévalet, men først halvanna…

  • Oppfriskingskurs eldre sjåfører

    Vegvesenet arrangerer i lag med Pensjonistlaget oppfriskingskurs for eldre sjåfører på Allhuset. Kurset starter onskag 18. april kl 11 og fortset dei to påfølgande onsdagane 25.april og 2. mai.Kurset er for aldersgruppa 65+, men yngre sjåfører som meiner dei treng oppfrisking er hjarteleg velkomne også. Påmelding innan 10. april til Reidar Høyseth (57 74 46…

  • Seier og tap for basket

    Eikefjord basket var i Bergen denne helgen og spelte 3 kamper. Det ble 87 – 26 seier mot Sandviken laurdag. Søndag spelte Eikefjord basket 2 kamper, den første mot Hop.

  • Godt besøk på støylane

    Godt besøk på støylane

    Helga har vore heilt topp, med sol og opplett. Sjølv om søndagen starta med tunge skyer klarde sola til slutt å få hull på skyene og ettermiddagen vart strålande. Eikefjord støylen er eit nydelelg turmål sliksom denne lappen på benken fortel om.

  • Eikefjord basket vant

    Eikefjord basket vant i dag 87 – 26 over Sandviken. Dette er den største seieren til Eikefjord noensinne og guttene er meget fornøyd. Vi spilte godt forsvar og hadde stor bevegelse i angrep.

  • ÅRSMØTE OG FOLKEMØTE

    I morgon, sundag 25.03.12 er det ÅRSMØTE i Eikefjord Grendalag kl. 18:00 på Allhuset. Vanlege årsmøtesaker. Årsmøtet avsluttast og vi tek eit FOLKEMØTE med fylgjande saker: 1. KRAFTLINA. Kva skjer og kva har vore gjort. Ordførar, varaordførar og gruppeleiarar er inviterte. 2. FLEIRBRUKSHALL. Etter innspel frå bygda vil vi diskutere å skipe ei arbeidsgruppe for…

  • Heidi Humlestøl Aasen er tilsett som rektor

    Heidi Humlestøl Aasen er tilsett som rektor

    Heidi Humlestøl Aasen (43) er tilsett som rektor ved Eikefjord skule og overtek etter Torleik Stegane som sluttar 1. april.– Eg gler meg til å ta fatt. Eg ser på Eikefjord som ein stad i vekst og ei bygd med stor ståpåvilje. Skulen har gode ressursar som eg kan bruke. For min eigen del er…