ÅRSMØTE OG FOLKEMØTE

I morgon, sundag 25.03.12 er det ÅRSMØTE i Eikefjord Grendalag kl. 18:00 på Allhuset.

Vanlege årsmøtesaker.

Årsmøtet avsluttast og vi tek eit FOLKEMØTE med fylgjande saker:

1. KRAFTLINA.

Kva skjer og kva har vore gjort. Ordførar, varaordførar og gruppeleiarar er inviterte.

2. FLEIRBRUKSHALL.

Etter innspel frå bygda vil vi diskutere å skipe ei arbeidsgruppe for vidare utgreiing av kva mogelegheiter vi har for ein fleirbrukshall i Eikefjord.

Vi oppmodar ALLE om å kome!!!