-
·
Brann i sauna
Politiet fekk melding om brann i sauna kl. 04.56 i Eikefjord. Brannvesenet rykkte ut til staden. Saunaen er nedbrent. Den var heimesnikra og plassert oppå eit campingvognchassis. Det var ingen personar i saunaen. Saka vert fylgd opp av Flora politistasjon.
-

·
Pål Anders Ullevålseter til Grov onsdag 4/4
Pål Anders Ullevålseter har innvitert seg sjølv til det kommande motorsportsenteret på Grov. Flora Motorsportklubb er i ferd med å få området regulert til motorsport og i denne forbindelse skal Pål Anders Ullevålseter hjelpe klubben og være med å sjå på bane trasé. Pål Anders Ullevålseter har med seg ein del utstyr for salg så…
-

·
Eikefjord Cup 2012
Fotball: Florø 2 vann Eikefjord Cup 2012. Sjå bilete i frå cupen laurdag her. Les meir på www. eikefjord-fotball.no
-
·
Påskequiz på onsdag!
Då er det endeleg klart for årets første quiz. Påskequizen har etablert seg som ein tradisjon og i fjor vart vi over 100 personar samla på Allhuset. Som vanleg vert quizen onsdag før skjærtorsdag, altså 4. april. Dørene opnar kl. 20.30 og quizen startar kl. 21.00. Det kostar 20 kr per person og det kan…
-

·
Kyrkja snart 200 år
Eikefjord kyrkje vart bygd som langkyrkje og vigsla hausten 1813. I 1874 var den blitt for lita og ombygd til kross kyrkje. I 2013 er det 200 års jubileum og ein vil gjerne at kyrkja framstår som det smykket den er. derfor er ein i gang med å få på plass snikkar og malar som…
-
·
Arbeidsgruppe for fleirbrukshall
Skal vi få ein fleirbrukshall i Eikefjord, må vi som bur her gjere jobben, sa Lars Grøteide på årsmøte til Grendalaget. Årsmøtet vedtok å opprette ei arbeidsgruppe som skal presentere ei skisse for korleis ein hall kan realiserast.
-
·
BINGO IKVELD
Det vert bingo kl 19.30 på Samlingsheimen, Storebru. 2 spillerunder, flotte premiar!! ALLE ER HJERTLIG VELKOMNE. arr: styret samlingsheimen
-
·
Lødemel går vidare i høgspentsaka
Bjørn Lødemel er så misfornøgd med svaret frå Olje- og energidepartementet at han går vidare til helseministeren med same problemstilling. – Det gjer eg fordi det er helseminister Anne-Grethe Strøm-Eriksen som har ansvaret for dei helsemessige sidene ved stråling, seier han til Firdaposten.
-
·
Lødemel er lite nøgd med svar
Bjørn Lødemel, stortingsrepresentant for Høgre er lite nøgd med svaret han fekk frå Olje og energiministeren om 420 kV linja forbi Storebru og Eikefjord nyleg.
-

·
Vårens vakraste eventyr-no for 30. gang!
Det sikraste vårteiknet i Eikefjorden er heilt klart den tradisjonsrike Eikefjord Cup. I år har cupen sett dagens lys samanhengjande i 30 år heilt sidan den aller fyrste cupen i 1983. Den gong var det Sogndal som stakk av med sigeren. Fotballgruppa ynskjer laga, dommar og alle dei skodelystne hjarteleg velkomen til bana fyrstkomande helg,…