Arbeidsgruppe for fleirbrukshall

Skal vi få ein fleirbrukshall i Eikefjord, må vi som bur her gjere jobben, sa Lars Grøteide på årsmøte til Grendalaget. Årsmøtet vedtok å opprette ei arbeidsgruppe som skal presentere ei skisse for korleis ein hall kan realiserast.

Eikefjord er ei bygd i vekst og ein fleirbrukshall vil vere eit viktig bidrag til vidare utvikling. Ein hall har vore vurdert opp til skuleutvidinga, men desse planane har kommunen av økonomiske årsaker lagt på is.

Skal iv få til noko, må vi ta initiativet sjølve. Å komme i posisjon for spelemidlar og få reist ein hall vil ta tid og derfor er det viktig at vi kjem igang, sa Grøteide vidare.

Les meir i Firda onsdag.