Kategori: Nyheter 2012

Små og store nyheter  Eikefjord i 2012

  • Siste for året

    Siste for året

    A-laget til Eikefjorden avsluttar sesongen med heimekamp mot Hornindal i morgon fredag kl 19.00. Dei orange kledde har kun to tap, tre uavgjort og resten sigrar i år, så ein må seie seg nøgd med sesongen som gav ein flott 2. plass i serien. Bilete: Eikefjord Ultras, eller B-gjengen som dei likar å kalle seg sjølv. Møt…

  • Turløype presentert for grunneigarane

    Turløype presentert for grunneigarane

    Eikefjord Idrettslag har ei tid arbeida med turløype i Eikefjord. Dette er ei rundløype rundt Eikefjord sentrum på over 10 km der ein skal kunne trimme utan alt for store motabakker. I går kveld presenterte Idrettslaget sine planer for grunneigarane og ba om hjelp til å komme i mål med prosjektet. Grunneigarane som var på…

  • Myldrekveld på bana i morgon for store og små. Bli med du og!

    Myldrekveld på bana i morgon for store og små. Bli med du og!

    I morgon onsdag 26.september kl.18.00 -21.00 vert det myldrekveld på Eikefjord stadion -kunstgrasbana. Bli med du og! Fotballen ynskjer ALLE velkomen til ein felles kveld for fotballfamilien og andre i og utanfor bygda, dvs spelarar, trenarar, foreldre og alle som likar løkkefotball. Ta turen på stadion i morgon onsdag, det vert aktivitetar for små og store. Bilete…

  • Fylket feirer 250 år

    Neste år er Sogn og Fjordane 250 år. Jubileet skal markerast med fleire arrangement gjennom heile året. Eit av arrangementa er 200 års jubileet til Eikefjord kyrkje den 22. september 2013. Dette jubileet er under planlegging og det er sett ned ei nemd som skal skrive bok om Eikefjord kyrkje. Les meir om 250 år…

  • Gravhaug ved gravplassen.

    I januar 2011 skreiv Eikefjord.net om kyrkja som kanskje var bygd over ein gammal gravhaug. Under arbeidet med historisk skrift om kyrkja er dette nærmare undersøkt. Det viser seg at dette er eit utgravingsarbeid i 1998 som er utført på eit område sør for gravplassen og ikkje ved den gamle gravplassen rundt kyrkja. Senteret for…

  • Bøsseaksjon for sjøvettopplæring

    Redningsselskapets bøsseaksjon går til inntekt for sjøvettopplæring blandt barn og unge. Her i bygda er det 10.klasse ved Eikefjord Barne-og ungdomsskule som skal ta deg av innsamling og dei foresatte håper at folk tar godt imot dei flotte ungdommane, og har kontanter klar! Kvart år når Redningsselskapet over 30.000 barn og unge med viktig sjøvettbodskap,…

  • Gjenvisitt

    I mai hadde elevane på Eikefjord skule visitt av franske elevar som fekk oppleve 17. mai i Norge. No reiser to elevgrupper på gjenvisitt til Frankrike. Elevane skal bu hos familiane til dei elevane som var her og vere med på dagleglivet deira, så dei får mest muleg trening i å snakke fransk. Turen er…

  • Gangvegen billegare enn budsjettert

    Gangvegen frå sentrum til barnehagen vart 1,3 millioner billigare enn budsjettert. Grunnforholda var mykje betre enn venta, så det vart mindre arbeid enn venta. Også sjølve grunnervervet var uproblematisk, seier Reidulf Refsnes i Flora Kommune til Firdaposten.Inkludert i arbeidet er også teknisk anlegg og kablar. Der er ca 1900 meter VA-anlegg, pumpestasjonar for spillvatn, kabelgrøft,…

  • Fargerik Fotballturnering laurdag 22. sept

    Fargerik Fotballturnering laurdag 22. sept

    Eikefjord IL Fotball arrangerer Fargerik fotballturnering i Eikefjord laurdag 22.september. Dette er ei uhøgtidleg fotballturnering som set det sosiale i høgsete, og der ein skal ha det moro. Går du i 5., 6. eller 7. klasse? Då vil Anne-Len og fotballgruppa ynskje nettopp deg hjarteleg velkomen til bana i Eikefjorden denne laurdagen!

  • Oppussing av kyrkja.

    Oppussing av kyrkja.

    Eikefjord kyrkje fyller 200 år neste år så jubileet nærmer seg ned stormskritt. I denne forbindelse har kyrkja fått ein del midlar som skal brukast til vedlikehald og tilrettelegging for handicapa. Det første som vart reparert var bordkledningen, her vart ein del råtne bord skifta ut. Deretter vart kyrkja måla og står no kvit og…