Eikefjo
rd Idrettslag har ei tid arbeida med turløype i Eikefjord. Dette er ei rundløype rundt Eikefjord sentrum på over 10 km der ein skal kunne trimme utan alt for store motabakker. I går kveld presenterte Idrettslaget sine planer for grunneigarane og ba om hjelp til å komme i mål med prosjektet. Grunneigarane som var på møtet syntest turløypeprosjektet såg spennande ut og idrettslaget fekk ikkje negative tilbakemeldingar.
Som kartet nedanfor viser følger stiane eksisterande stiar. Idrettslaget ber grunneigarane om lov til å rydde, drenere og gruse der dette er nødvendig. Idrettslaget vil også sette opp grinder der dette er nødvendig og sette opp skilt. Det er også lagt opp til å bygge bru over Sørelva for å knytte Sørgardfeltet opp mot turløypene. Man vil også bygge bru over Inste Hovlandselva.
På møtet fekk Idrettslaget navn til nokre fleire grunneigarar. Desse vil bli kontakta så snart som mulig. Idrettslaget skal også ha møte med nokre grunneigarar som ikkje hadde anledning til å møte denne veka.