Eikefjord kyrkje fyller 200 år neste år så jubileet nærmer seg ned stormskritt. I denne forbindelse har kyrkja fått ein del midlar som skal brukast til vedlikehald og tilrettelegging for handicapa. Det første som vart reparert var bordkledningen, her vart ein del råtne bord skifta ut. Deretter vart kyrkja måla og står no kvit og fin på Sørbøen.
Planane vidare er å lage universell utforming på inngangen. Kyrkja er så gammal at riksantikvaren har fått uttalt seg og gitt råd om korleis han ville utforme inngangspartiet til kyrkja. Hans sterke anbefalingar blei berre delvis følgt av byggekomiteen.
Døra inn til kyrkja er sannsynlegvis laga samtidig som kyrkja i 1813. Denne døra er eit svært godt eksemplar frå denne tida og riksantikvaren gjekk sterkt mot planane om å utvide døra. Denne anbefalinga har komiteen følgt, sjølv om døra er smal og det er problem når to personar skal gå ved sida av ei kiste ut døra.
Bislaget på utsida av tårnet meiner riksantikvaren dannar ein heilheit i lag med døra og meiner bestemt at ein ikkje bør endre på dette. Her er byggekomiteen ueinig. Dei har søkt og fått godkjent hos biskopen at ein kan rive bislaget og sette det opp igjen med ei litt større bredde enn det som er idag. Dette skal gje betre plass for rullestolbrukarar og å snu ei båre på trappa som skal byggast framfor bislaget. Ein må ha dette snuarealet på trappa for å komme ned skrårampen som er planlagt mot sør. Ved å utvide bislaget vil dette snuarealet komme nærmare døra og trappa blir dermed mindre.
Frå skrårampen skal det lagast ny veg gjennom kyrkjemuren på vestsida. Denne vegen skal lagast slik at den er enkel å ta seg fram med rullestol. Det blir også laga handicap parkering vest for kyrkjegarden. I enden av denne parkeringsplassen inn mot berget skal det settast opp eit nytt hus som skal romme eit handicap toalett og redskapsbu.
Det er ikkje sikkert at dette huset kjem opp til jubileet, men grunnarbeidet skal utførast samtidig som arbeidet med trappa og gangvegen skal gjerast.
For rullestolbrukar er det vanleg å ha ein sirkel på 160 cm der ein skal snu rullestolen. Dette er i minste laget for å snu båretralla og ein må her minst berekne ein sirkel på minst 2 m.
I følgje kyrkjekontoret skal veggane flyttast 10 cm ut på kvar side. Ser ein kva ein oppnår med å flytte veggane i bislaget ut 10 cm til kvar side finn ein ved enkel konstruksjon ut at trappa blir vel 10 cm kortare enn om ein hadde valgt å ikkje gjere noko med bislaget.
Om ein brukar sirkel på 160 centimeter for å finne størrelsen på trappa vil ein spare i underkant av 20 centimeter på lengda av trappa framfor bislaget.
For å spare inn 50 cm på lengda på trappa må bislaget utvidast 40 cm til begge sider. Dette vil opne opp konstruksjonen og døra som har vore godt beskytta vil dermed bli meir utsett for veir og vind.
På denne bakgrunn er det enkelt å forstå at riksantikvaren gjekk sterkt inn for å behalde døra og bislaget som har stått slik i snart 200 år og utvide trappa desse få centimeterane.
(Bislaget er ikkje sikkert tidfesta, men sidan døra har halde seg så godt er sannsynlegvis bislaget like gamal som døra som er frå 1813. Bislaget slik det står idag er dokumentert på bilde frå 100 års jubileet til kyrkja.)
Komiteen som har ansvar for prosjektet opplyser at dei vil bruke båretralla og finne ut korleis dei skal utforme trappa. Vi får håpe dei gjer det før dei bygger om det 200 år gamle bislaget berre for å finne ut at dei berre sparer nokre få centimeter på lengda av trappa.
