Rådmann Terje Heggheim foreslår at rehabilitering av Eikefjord skule skal utsettjast til 2014. På same vis prøvde han å trenere skuleutbygginga då han behandla budsjettet på hausten i 2011, og han klarere nok det på same vis denne gangen.
Prossjektleiar Jeiki Jagatheesan i kommunen seier også at det vil være umulig å komme igang med skulen før 2. halvår 2014.
Administrasjonen har tydlegvis ikkje noko framdrift i skulesaka då verken nye planløsninger er godkjende eller utlysing av konsulentoppdrag blitt gjordt noko med. Effektiv trenering i beste kommunale ånd.
4. september skal framdriftsplan for skulen opp i bystyret. Rådmann legg fram to forskjellige planer der eit alternativ har 16 månader byggetid og det andre 2 år. Med byggestart seint 2014 er ein fort ut mot 2017 før Eikefjord har fått ein skule som er oppe på ein akseptabel standard.
Etter at rasfaren blei undersøkt og ein lite barnevennleg rasvoll blei bygd bak skulen ønsker eikefjordingane ikkje rehabilitering av skulen, men ein ny skule på ny stad i bygda. Det viktigaste no er å få fart på utbygginga og ikkje la administrasjonen trenere saka så det passer bedre i det trange Flora-budsjettet.
Les også Firdaposten lørdag.
Relaterte artikler: