Eit einstemmig bystyre sa ja til rehabilitering og oppgradering av Eikefjord Skule. Sjølv om dette vil binde opp innvesteringane fram til 2016.
– Vi er svært glade for vedtaket, men kjem til å følgje saka vidare når dette skal gjennom budsjettprosessane, seier leiar i FAU ved Eikefjord barne og ungdomsskulen, Kristen Stæger-Breisnes til Firdaposten.