År: 2023

  • Treningsseminar og crossfit-konkurranse

    Fredag 1. september Fredagen blir det ein tredelt konkurranse innan funksjonell trening/crossfit. Då skal fem kvinnelege og fem mannlege konkurranseutøvarar tevle. Du kan forvente deg utøvarar i norgestoppen. I pausene vil vi arrangere ein lokal handbak-konkurranse med nokon av dei beste handbak-utøverane i både Florø, Førde og Eikefjord.    Laurdag 2. september Kristin Holte, som…

  • Eikefjordheftet 2023

    Eikefjordheftet 2023

    Heftet for Eikefjorddagane er endeleg ferdig! Heftet vert ikkje distribuert ut i postkassene i år, men delt ut under arrangementet. Ein digital versjon av heftet finn du under her!

  • God vasskvalitet på Sørbøen

    Kommunen har sjekka vasskvaliteten på dei mest populære badestrendene i kommunen. Badestranda i Eikefjord har utmerka vasskvalitet, så her er det berre å hoppe i fjorden og kose seg. Les meir i Firdaposten

  • Idrettslaget si hytte opna

    Idrettslaget si hytte opna

    Etter lang tids arbeid er endeleg Idrettslaget i mål med hytta på fjellet. Hytta som skulle erstatte eit falleferdig sæl på Eikefjordstøylen er no plassert mellom Eikefjord- og Hovland-støylen. Inskipt i eine bjelken i hytta seier «Verda er vakker ho, berre du ser ho frå rette kanten», av Olav Duun. Utsikta frå hytta er fantastisk…

  • Sykkeluhell i Hovlandsvegen

    Ei jente som kom på sykkel frå Idrettsbana var uheldig og sykla overende i botn av Smierbakken. Etter ein trailer køyrde forbi syklisten blei det meir og meir vingling før jenta plutseleg låg på asfalten. Traileren køyrde forsiktig forbi og kan ikkje skuldast for ulykka, men dette er ei ny trafikkulykke medan vi ventar på…

  • Idrettslaget si hytte på plass

    Idrettslaget si hytte på plass

    Idrettslaget si hytte tok ein luftig tur onsdag ettermiddag. På grunn av lavt skydekke var det usikkert om det var flyveir, men ut på ettermiddagen lysna det såpass at helikopteret kunne ta oppdraget. På ein halvtimes varsel kunne nokon av dugnadsgjengen stille opp, komme seg til fjells og gjere seg klar til å ta imot…

  • Natursvin med skitposar

    Natursvin med skitposar

    Bruk av skitposar til hundane er vel og bra. Skal ein holde det fritt for skit langs vegane er det heilt nødvendig. Bruk av skitposar på fjelltur kan være greitt om det ligg ei rue midt på stien, men det er også greitt å ta ein kvist og kaste skiten ut i naturen. Enkelte ganger…

  • Torvhuset på stranda

    Torvhuset på stranda

    Torvhuset var originalt bygd på dugnad i 1999 i samband med at det vart innført nye retningslinjer for ungdomsskuleelevane ved Eikefjord barne- og ungdomsskule.  Bygget vart plassert ved lærarinngangen på EBU, og var eit «tak-over-hovudet-tilbod» der ungdomsskuleelevane kunne opphalde seg i friminutta. I samband med sanering av gamleskulen før etablering av ny EBU og fleirbrukshall, vart…

  • Sundefjellstunellen oppdatert

    Sundefjellstunellen har fått ei oppgradering som gjer at tunellen virkar lysare for trafikkantane.  Først blei tunellen vaska så sprøytte ein på kalkbasert måling. Dette er tyntflytande sement som blei påført dei nedste tre meterane av tunellveggane. Dette gjev ein betre lysrefleksjonen slik at tunnelen opplevast litt lysare for trafikantane. Les også Firdaposten

  • Fundament til tur-sælet klart

    Fundament til tur-sælet klart

    Tur-sælet til Eikefjord IL er komme eit godt stykke vidare. No er fundament til sælet klart i marka mellom Eikefjordstøylen og Hovlandstøylen. Takka være Hans Endestad skal no sælet plasserast med flott utsiktst over fjorden. Hans har gitt idrettslaget lov til å sette opp hytta i utmarka.  Fram på kanten er det er det god…