-

·
Velkomen til 17. mai i Eikefjord 2025
5.,6., og 8. klasse ved Eikefjord barne- og ungdomsskule inviterer bygda til markering av nasjonaldagen, med særskilt gode utsikter for eit strålande vêr og hyggjelege augneblink med sambygdingar og besøkjande frå andre stadar. Ta ein titt på programmet inne i arrangementet her.
-

·
Årsmøte i Eikefjord Grendalag
Det vert årsmøte i Eikefjord Grendalag torsdag 20. mars klokka 18 på Allhuset. Agenda 1. Godkjenning av innkalling og sakliste 2. Val av møteleiar 3. Val av skrivar 4. Val av to møtedeltakarar til å underskrive protokollen 5. Årsmelding 2024 6. Rekneskap 2024 7. Gjennomgang av vedtekter og forslag til endringer 8. Forslag til arbeidsplan…
-
·
Alle lag og organisasjoner inviterast til møte
Nedtellinga er i gong! Allereie nå på fredag brakar det laus for årets Eikefjordagane. Difor invitera vi alle lag og organisasjoner på eit felles statusmøte. Tid: Måndag 12.08.24 kl 18:00 Stad: Allhuset. Håpar å sjå representantar for alle lag og organisasjonar i bygda. Hjartelig velkommne alle saman.
-
·
Treningsseminar og crossfit-konkurranse
Fredag 1. september Fredagen blir det ein tredelt konkurranse innan funksjonell trening/crossfit. Då skal fem kvinnelege og fem mannlege konkurranseutøvarar tevle. Du kan forvente deg utøvarar i norgestoppen. I pausene vil vi arrangere ein lokal handbak-konkurranse med nokon av dei beste handbak-utøverane i både Florø, Førde og Eikefjord. Laurdag 2. september Kristin Holte, som…
-

·
Bilder frå kyrkjejubileet
Bengt Solheim-Olsen som representant frå Flora kommune hadde med seg sine to døtre på kyrkjejubileet. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes var representanten frå fylket i følge med sin mann. Mange musikanter på galleriet denne dagen og vi fekk mykje god og variert musikk under gudstjenesta. Koriander var sjølvsagt på plass med flott korsang. Denne dagen hadde Brigt…
-

·
Skulen 50 år
Eikefjord skule fyller i år 50 år. Dette blei markert tirdag med middag på Allhuset for alle elevane i lag med dei tilsette. Deretter var det leikar på skuleplassen med gratis is som premie. Kl 17 var bygdefolket var invitert til underholdning i ein fint pynta gymsal. Også elevane var fint pynta i kler frå…
-

·
Storstemning i konvoyen 2010
Sjølv om enkelte meinte det var feil å legge Veikingkonvoyen til Eikefjord var det stor stemning og mange smil å sjå på sjøsida lørdags ettermiddag og til langt på natt.Med smilet på lur og ei fantastisk fiskesuppe er denne karen ein av dei typiske veikingane som inntok Eikefjord denne dagen.
-

·
Veteranbiler i sentrum
Lørdag stoppa Firdaløpet i Eikefjord og veteranbilane var parkerte ved Langedalsbutikken og ved Allhuset. Mange hadde tatt turen til sentrum for å nyte desse gamle doningane. Nedanfor kan du nyte alle veteranbilane som besøkte Eikefjord denne ettermiddagen.

