-
·
Brannøving i Sundefjellstunellen
Torsdag 2. november held Statens vegvesen brannøving i rv. 5 Sundefjelltunnelen. Frå klokka 16.30 til17.30 blir det kolonnekøyring medan Vegvesenet førebur øvinga. Sjølve øvinga finn stad klokka 17.30-19.00. I dette tidsrommet vert tunnelen stengd. Klokka 19.00-19.30 blir det kolonnekøyring medan Vegvesenet ryddar opp etter øvinga. Etter dette går trafikken som normalt att.
-
·
Asfaltering i Knapstadbakken.
Onsdag og torsdag denne veka skal Kinn kommune asfaltere på nokre vegar i kommunen. Knapstadbakken er ein av vegane som skal asfalterast, men det er ikkje heile vegen i denne omgang. – Vi skal ta nokre bøter der det er dårlegast stilt, seier arbeidsformann i Kinn kommune Idar Øren til Firdaposten. https://www.firdaposten.no/her-skal-det-asfalterast-denne-veka/s/5-16-746843
-

·
KNM Maud på besøk i Eikefjorden
Eit av dei store skipa til Sjøforsvaret var på besøk i Eikefjorden. Skipet, som er 180 meter langt, gjekk innover fjorden og snudde ved Hatleseth. Her ser vi skipet er komt forbi Nyttingnes.
-
·
Silje Ødegård Standal i formannskapet
Silje Ødegård Standal (AP) har fått plass i Kinn formannskap. Ho er den einaste frå Eikefjord blandt dei 11 i formannskapet. Som venta vart Bengt Solheim-Olsen (H) valgt til ordførar.
-
·
Eikefjord Sokneråd
Når vi gjekk til valurnene for å stemme på kommune og fylkeskommune representantar kunne vi også stemme på representantar til soknerådet. For Eikefjord sokn er følgande valgt inn: Namn Fødselsår Tal på røyster Mona Ødegård Standal 1981 209 Per Øyvind Sørbø 1960 205 Julie Humlestøl-Titlestad 1972 187 Lisbeth Sætre Hovland 1963 186 Solbjørg Jofrid Tonheim…
-
·
Eikefjordjente på fylkestinget
Eikefjordjenta Kaia Stæger-Breisnes som representerer Miljøpartiet De Grønne er valgt inn på fylkestinget i Vestland. Ho er saman med ein svært sterk kontigent frå Kinn kommune, Hanne Husebø Kristensen (H), Karianne Torvanger (Ap), Jacob Nødseth (V), Frank Willy Djuvik (Frp).
-

·
Gang- og sykkelveg på Hovland
Prosjektledelsen for gang- og sykkelvegen på Hovland var på besøk til enkelte grunneigarar for å diskutere detaljer i planane for prosjektet. Det gjenstår å signere avtale med nokre få grunneigarar før anbudet kan lysast ut. Det gjenstår også godkjenning for fylling i fjæra frå skulen og utover mot elva, men dette vil ikkje forsenke prosjektet…
-
·
Eikefjordingar i Kinn kommunestyre
Eikefjord sine medlemmer i Kinn komunestyre er i neste fireårsperiode Silje Ødegård Standal og Anders Ola Sunnarvik frå AP. I dei andre partia er det ingen frå Eikefjord.
-

·
Fjellsikring i Hamnavegen
Fjerby Fjell- og erosjonssikring har oppdraget med å sikre steinblokker over vegen som går ned til Kommunekaia på Hovland. Dei skal også sikre ei blokk som ligg under vegbana. Firmaet borer inn i fjellet som anvist av kommunen. Borehola er opp til 3 meter. Der blir det sett inn bolt som blir støpt fast og…
-

·
Eikefjordprisen 2023
Eikefjordprisen 2023 går til Ingvar Torsvik Myrvollen og Simon Johansen for deira innsats for dei krigsramma i Ukraina. Ingvar var tilstade på Eikefjorddagane og kunne ta imot prisen. Utdelinga er ikkje av den tradisjonelle sorten, men treff like fult kriteria for utdelinga då innsatsen deira verkleg syner framifrå eksempel på korleis ein kan være med…