20110619-250-loveparade019

Vennskapsturen i gang

20110619-250-loveparade019Vennskapsturen som skal ende opp i vesterålen fekk ein god start på Miljøstranda søndags kveld. I vekslande veir med regnbyger, torden og innimellom opphold møttes mange av dei som skal ta turen frå Miljøstranda til Vesterålen for første gang.

Det heile starta med søk etter ein sjåfør, ein mekanikar og ein musikant som kunne være med Jannis på turen. Med litt Coachsurfing voks dette til ei heil gruppe som no tar ut på landevegen.
Kjell Magne, ein av mekanikarane, tar ein sjekk på Jennis før avgang

Til miljøstranda var det samla Coachsurfing-venner frå heile Europa. Sjåføren frå Hellas som starta 4. mai kom trygt fram og var klar for nye tusen kilometer. Langveisfarande var også sivilingeniøren frå Australia som no bruker 6 månader på å luffe rundt i Europa og la denne turen inn som ein del av rundturen. Også pensjonisten frå Tyskland som skal bruke 8 månader på å reise rundt i staden for 8 veker som tidlegare.

20110619-525-loveparade013

Turen nordover er lagt opp i ganske korte etapper med den lengste mandag etter frukost på Sunnfjord Hotell. Det er lagt inn stopp med gamle venner nordover og sjølvsagt innom kjente attraksjonar.

Ei av utfluktene er tur gjennom Torghatten, andre er tur til Flaskeforet fyr for å sjå på havørner og til Nykvågen for å sjå på fuglefjell. Det er også lagt opp til fisking og dykking i Saltstraumen.

I Brønnøysund skal dei dele ut postkort, med oppfordring til å sende ei helsing til nokon ein er glad i – og i Sandnessjøen vil dei dele ut «Free hugs», ein klem til nokon som vil ta imot.

Det heile avrundes med fest på Litjøya fyr, der det blir permanent utstilling av fredskorta. 28 juni løyses karavanen opp og alle drar tilbake til sitt.