Fylg riksvegen fem kilometer austover, ta av ved Storebru og fylg vegen litt nord og oppover, der ligg Solheim, ei lita fjellbygd omringa av snødekte fjelltoppar i vakker natur.
Vestre Hyen si naturperle er sjølvberga med både lensmann og sauedrift, postkasse og eiga TV-antenne for Riks TV. Fritt for vær og vind, akkurat der morgensola renn opp over Storfjorden, lever dei 70 salige fastbuande som på fredag arrangerer Solheimsløpet 2012.
Løpet går frå Solheim sentrum til Solheimstøylen med start kl 19.00 fredag 10. august.
Bilete: Øyvind Sørbø (19) til venstre og Geir Tore Leversund (52) kom på pallen i Solheimsløpet i Vestre Hyen i fjor.
Moralen her er at alle kan vere med, uansett tempo og alder. Dei aller fleste tek dette som ein gåtur opp i dette flotte terrenget. Desse går då på førehand, slik at ein kan stå og heie på løparane ved målgang. Dette er til stor inspirasjon for deltakarane som skal springje. Det tek omtrent 45 minutt å gå opp. Det 1 km med skogsbilveg og 1,5 km med skogstraktorveg frå Solheim og opp til støylen. Som det meste anna i livet er kostar det sjølvsagt ingenting å delta.
I fjor vann Øyvind Sørbø, medan Geir Tore Leversunf tok ein svært så fin 3. plass. I tillegg tok Øyvind løyperekorden med 15.09, heile 1 minutt og 20 sekund betre enn løyperekorden frå i 2010.
Oppe på Solheimstøylen vert det kiosk med sal av pølser, brus, vatn og sjokolade. I tillegg vert det tent bål, så her vert ein triveleg kveld for gamal og ung. Det beste av alt er å
Det vert diplom til dei tre beste i alle klasser.

Starten på løpet går altså kl 19.00 ved den grå garasja til Martin Holme, nabo til skulen og sentralt på Solheim. Målpasseringa skjer oppe på Solheimsstøylen. Totalt tilsvarar dette ein høgdeforskjell på litt over 350 meter.
Alle som ynskjer å delta på løpet, må møte opp ved den nemnde garasjen seinast klokka 18:45 for påmelding og uttdeling av startnummer.

Det vert konkurrert i fylgjande klasser:
Menn 15+
Gutar 14-
Damer 15+
Jenter 14-
Løpet er eit samarbeid mellom Hyen IL friidrettsgruppa og bygdelaget på Solheim. Har du spørsmål, kan desse rettast til Anders og Øyvind Magnus på tlf 900 86 480/908 29 211
.
Les om Solheimsløpet 2011 her og her.
Her kjem eit dikt til inspirasjon, levert av den lokale lensmann og Solheimspo(t)eten Øyvind Magnus:
Er du gamal eller ung,
lett eller tung.
Bli med på støylstur,
i vakker Solheimsnatur.
Om du tykkjer det går trått,
med traktor og slått.
Ny inspirasjon du får,
når du Solheimslia går.