Det nærmar seg sommar og det er tid for den årlege vårrensken i bygda. Eikefjord grendalag håpar så mange som mogleg kan stille opp. Dugnaden blir tysdag 3. mai frå kl. 17.00. Oppmøte ved servicehuset på Sørbøsanden.
Det er mange arbeidsoppgåver som må gjerast, så dei fleste skulle nok finne noko dei kan bidra med. Oppgåver som må gjerast er:
* reinsking av strendene frå Sørbøsanden til Eikefjord Elektro
* Reinske og fylle sand på alle møteplassane langs strandpromenaden
* Rydde og plukke boss frå Sørbøsanden til sentrum
* Vaske kiosk og garderobeanlegg i servicehuset
* Gjødsle grøntarealet frå Sørbøsanden til skulen
* Rake sandvolleyballbana
Grendalaget ordnar traktorar med sjåførar. Vi har også ein del utstyr. Det er likevel fint om du kan ta med deg jarnrive, grapse, trillebåre, potetgrev.
Grendalaget stiller med sveler og kaffi.
Vel møtt!