20110627-250-tur

Torsdagstur med friidrettsgruppa

20110627-250-turTorsdag 30. juni kl. 18.00. Oppmøte ved garasje på Hovland der vi organiserer felles transport til Tonheimstranda.

Turen opp til Ytre Strandastølen tek omlag ein time. Vidare til Strandanipa går det òg omlag ein time.

Turleder: Marlyn Tonheim

Turen er 8- 9 km lang, og vi må rekne vel 3 timar gange og tid til eit par pausar. Det brattaste partiet er i starten på Tonheimstranda (1). Derifrå er det godt merka sti til Ytre Strandastølen (2). Turen frå Strandastølen opp til Strandanipa (3) er ikkje merka, og der er enkelte parti der det er lite barnevennleg. Stien frå stølen til nipa er tydeleg og god.

Turen ned att går om Indre Strandastølen (4) til Kvalvikstølen (5), og derifrå ut på grusvegen som går ned til Hovland.

Turen er lang, men ikkje spesielt tung.

Hvis du har turboka «Ferdslevegar i fjella», er stølane og Strandanipa teikna inn der.

20110627-525-tur