No kan du søke på ledige sommarjobbar på stranda i Eikefjord.
Vedlikehald av grøntareal

Vi søker etter ein ansvarsfull og engasjert person over 16 år, som kan ta på seg ansvaret for vedlikehald av grøntareal på stranda i Eikefjord i sommar.
Jobben inneber å:
- klippe grøntareal med motorisert grasklippar
- tømme søppel frå søppelspanna
- stelle blomsterbed
- vedlikehalde sanda på volleyballbana
- sørgje for låsing av servicehuset
Dersom du framleis går på ungdomsskulen, må føresette gje samtykke til at du kan arbeide før sommarferien startar.
Søknad sendast på e-post til styret@eikefjordgrendalag.no. Om du lurar på noko, er det berre å ta kontakt med oss.
Oppstart 1. juni, eller etter avtale.
Søknadsfrist: 21.mai.
Kiosk og reinhald

Vi søker etter ein ansvarsfull og engasjert ungdom over 13 år, som kan ta på seg ansvaret for drift av kiosken og reinhald av servicehuset på stranda i Eikefjord i sommar.
Jobben inneber:
- sal av kioskvarer
- enkel tillaging av mat i kiosken
- å halde orden i kiosk og lager
- å halde oversikt over utlån av utstyr
- å halde oversikt over varelager i kiosken
- innkjøp av varer etter avtale
- reinhald av toaletter og garderobe
Søkarar må forholde seg til arbeidstilsynet sine retningslinjer for å kunne tilsettast:
https://www.arbeidstilsynet.no/arbeidstid-og-organisering/tilrettelegging/ungdom-i-arbeid/
Søknad sendast på e-post til styret@eikefjordgrendalag.no. Om du lurar på noko, er det berre å ta kontakt med oss.
Oppstart 30. mai, eller etter avtale
Søknadsfrist: 21.mai.
