Sundag kl 14.00 spelar A-laget sin siste heimekamp for sesongen. Det er Syril som kjem på besøk for å kjempe om dei viktige poenga for å halde seg i divisjonen til neste år også. 3. divisjon blir slått saman med Hordaland og dermed rykkjer halve divisjonen ned i 4. Dette medfører at 7. plass og nedover i 4. divisjon rykkjer ned. Så for Eikefjord sin del gjeld det å få den viktige 6. plassen, no ligg laget på 3 .plass med tre kampar att.
-Eg trur nøkkelen i denne kampen for tangotrøyene er den gode, gamle Eikefjordsisuen. Opp med humøret, gje skryt til kvarandre, og jobbe og blø iherdig for den oransje drakta. Her skal vi gå i krigen og vinne kvar ein duell. Banna bein!
Eg håpar og at flest mogleg tek turen i Kvalvikdalen og støttar oss mot Syril på sundag klokka 14. Vi lovar å jobbe knallhardt for poenga! Sjølv er eg garantist for mål i denne kampen, seier Eirik Endestad i ein kommentar til www.eikefjord-fotball.no