20120309-250-ras007

Ras på nyevegen

20120309-250-ras007I 12 tida fredag gjekk det eit mindre ras på nyevegen litt innanfor krysset mot Eikefjord i Kvalvika. Raset bestod stort sett av lausmasse, men også større steinar følgde med ned og over vegbana.

Vegen var ei tid stengd og trafikken gjekk gjennom Eikefjord sentrum. Vegen er no rydda, men det er mykje masse som ligg usikra ovanfor vegen.

Store og små steinar låg i vegbana før Vegvesenet fekk rydda opp.20120309-525-ras007

Mykje av massen gjekk rett over vegen. Avkøyringa til Eikefjord i bakgrunnen.
20120309-525-ras014

Rasstaden sett mot tunellen på Hovland.
20120309-525-ras007

Oppe i skråninga ovanfor vegen har raset tatt med seg sikringa som skulle holde massane tilbake. Treverk og jernpålar var ikkje mykje hjelp når massane forst kom i siget.
20120309-525-ras010

Litt av rassikringa har klart det store presset og stoppa enda meir masse frå å rase ut i vegen, men det røyner nok hardt på desse jernboltane også.
20120309-525-ras013