• Søndagskafè

    Siste søndagskafè står for tur, og idag er det Raspeballer med tilbehør på meny.  Sal av kaffi og kake, is og brus. Ta med familie og venner på Søndagskafè på Samlingsheimen, Storebru kl 13.00-16.00. VELKOMMEN!!!                                                                     Arr.komite Samlingsheimen

  • Ei tragedie

    Ei tragedie

    Også i Eikefjord veier flagget idag på halv stang. La oss håpe dette var eit enkeltstående tilfelle som vi aldri får oppleve igjen.

  • Paragliding

    Paragliding

    Fjordane Luftsportsklubb vil vere på Eikefjorddagane, laurdag og søndag frå kl. 1000, for å tilby tandem paragliding. Vi lovar passasjerane ei fantastisk oppleving og eit høve til å sjå bygda frå lufta. På bildet har Berit Seljeset Osa tatt av frå Hovlandstøylen.For meir informasjon og forhåndspåmelding, ta kontakt med Bjørn på tlf. 99045970.Turordning etter «først-til-mølla»-…

  • Kunstutstilling

    Kunstutstilling

    Fredag 12 august kl 18 opnar Åge Steinset kunstutstillinga i tidlegare lokale til Nærleiken. Det er mange utstillarar i år og kvaliteten er høg. Her er fleire biledkunstnarar, men også tekstilkunstnar og glaskunstnararar. Ei av dei lokale er Margunn Siv Øren. Ho har alltid likt å tegne og syns det er ein gjevande hobby som…

  • Miljøstranda

    Miljøstranda er no på det nærmaste ferdig og den er godt nytta så snart sola tittar fram. Både Firda og Firdaposten har denne helga reportasjer frå stranda og lovorda er mange, ikkje minst frå Grendalagsformann Anders Ole Sunnarvik. I påska vart det kjøyrd på 300 kubikk med sjelsand som gjer at prosjektet no er ferdig.

  • Søndagskafe på Storebru

    Middag: Sosekjøtt med ertestuing, potet og grønnsaker.Desert: Sviskekompott Salg av is, kake, kaffi og brus Alle er velkommen til ein hyggeleg middag på Samlingsheimen. Arr. komiteen for Samlingsheimen.

  • Eikefjordingar tok 1. -og 3. plassen

    Eikefjordingar tok 1. -og 3. plassen

    To eikefjordingar, ein ung ein og ein med litt meir hår på brystet, kom på pallen i Solheimsløpet i går i Vestre Hyen. Han eine vann like godt heile løpet og sette ny løyperekord attpåtil. Han hin tok ein heiderleg 3. plass. Trykk under her så får du sjå kven desse to sprekingane er. Bilete…

  • Skatermiljøet på plass i Kvalvika

    Skatermiljøet på plass i Kvalvika

    Skatermiljøet har lenge hatt ein liten rampe på Miljøstranda. På initiativ frå Idrettslaget har no skatermiljøet i bygda sagt seg villig til å flytte ut på idrettsbana i Kvalvika. Her vil dei få sin eigen plass i enden av 100 meters løpebana. Idrettslaget vil legge ny asfalt på denne plassen og det vil bli sett…

  • Velkomen til Solheimsløpet 2011

    Velkomen til Solheimsløpet 2011

    Fylg riksvegen fem kilometer austover, ta av ved Storebru og fylg vegen litt nord og oppover, der ligg Solheim, ei lita fjellbygd omringa av snødekte fjelltoppar. Vestre Hyen si naturperle er sjølvberga med både lensmann og sauedrift, postkasse og eiga TV-antenne for Riks TV. Fritt for vær og vind, akkurat der morgensola renn opp over…

  • Sau påkøyrd

    Sau påkøyrd

    Politiet melder på loggen sin i dag klokka 16.10 at ein sau regelrett har vorte påkøyrd inne i Hovlandstunnelen på riksveg 5. Om det var eit motorisert køyretøy eller ein av medlemmane i Florø Cycleklubb som traff sauen, står uskrive. Sauen har i alle tilfelle fått skade og eigar er informert om hendinga.