Miljøstranda

Miljøstranda er no på det nærmaste ferdig og den er godt nytta så snart sola tittar fram. Både Firda og Firdaposten har denne helga reportasjer frå stranda og lovorda er mange, ikkje minst frå Grendalagsformann Anders Ole Sunnarvik. I påska vart det kjøyrd på 300 kubikk med sjelsand som gjer at prosjektet no er ferdig.

Florøfolk nyttar også stranda. Mariann Nordal reiser hit fordi det er sandstrand og fint for ungane å leike. Fasilitetane er også i øverste sjiktet, her er kiosk, toalett, dusj og volleyballbane. Det einaste som manglar er solgaranti.

Les meir i Firda fredag og Firdaposten lørdag.