-
·
Problem med skomakaren sine båtar.
Firdaposten har ein fin serie i papirutgava der dei tar fram gamle bilder og har ein liten tekst om bildene. Etter at dei trykte bilde av den eine av «Skomakaren» sine båtar har dei fått tilbakemeldingar om båtane. Om ein har følgt med er sikkert forvirringa stor kva båtane heiter om det har vore ombyggingar…
-
·
Årsfest i Idrettslaget
Eikefjord Idrettslag skal ha årsfest lørdag 27/10. Det blir enkel premieutdeling og servering av tapas og desert og til slutt levande musikk som ein kan svinge seg til.Idrettslaget kjem tilbake med meir informasjon om musikk og pris. Påmelding til Janne Tonheim (90173475) innan søndag 21/10.
-
·
Eikefjord rektor får ansvar for Steinhovden skule
Rektor ved Eikefjord skule Heidi Aasen, har fått ansvaret for også å styre Steinhovden skule og barnehage. Kommunalsjef Guri Langaas i Flora kommune understrekar at rektor Aasen har ein bakgrunn som gjer henne spesielt kvalifisert til å styre både skulen og barnehagen i Steinhovden, med utdanning både som forskulelærar og som grunnskulelærar. I tillegg har ho…
-
·
Kursing på Frisørbua
Frisørbua held stengt frå fredag 5/10 til og med mandag 8/10 på grunn av kurs.
-
·
Leir på Teigen
I haustferien er det tid for leir for 1.-4.klassingane att. Måndag 8/10 til onsdag 10/10 er det duka for leik, liv og latter på Teigen. Å bu heimefrå nokre dagar og bli kjende med nye menneske er noko av det leir handlar om.Når november kjem er det atter duka for leir, denne gongen for tweensgruppa,…
-
·
A-laget vant sin siste kamp for sesongen
A-laget har lagt ein god sesong bak seg og kom på andre plass i serien. Dei var det einaste laget som klarte å ta poeng mot den suverene serievinnaren Florø 2. Siste kampen mot Horningdal vant laget 4-1. Les fyldig referat hos Eikefjord-fotball. Alle resultat og tabell finn du her
-

·
Siste for året
A-laget til Eikefjorden avsluttar sesongen med heimekamp mot Hornindal i morgon fredag kl 19.00. Dei orange kledde har kun to tap, tre uavgjort og resten sigrar i år, så ein må seie seg nøgd med sesongen som gav ein flott 2. plass i serien. Bilete: Eikefjord Ultras, eller B-gjengen som dei likar å kalle seg sjølv. Møt…
-

·
Turløype presentert for grunneigarane
Eikefjord Idrettslag har ei tid arbeida med turløype i Eikefjord. Dette er ei rundløype rundt Eikefjord sentrum på over 10 km der ein skal kunne trimme utan alt for store motabakker. I går kveld presenterte Idrettslaget sine planer for grunneigarane og ba om hjelp til å komme i mål med prosjektet. Grunneigarane som var på…
-

·
Myldrekveld på bana i morgon for store og små. Bli med du og!
I morgon onsdag 26.september kl.18.00 -21.00 vert det myldrekveld på Eikefjord stadion -kunstgrasbana. Bli med du og! Fotballen ynskjer ALLE velkomen til ein felles kveld for fotballfamilien og andre i og utanfor bygda, dvs spelarar, trenarar, foreldre og alle som likar løkkefotball. Ta turen på stadion i morgon onsdag, det vert aktivitetar for små og store. Bilete…
-
·
Fylket feirer 250 år
Neste år er Sogn og Fjordane 250 år. Jubileet skal markerast med fleire arrangement gjennom heile året. Eit av arrangementa er 200 års jubileet til Eikefjord kyrkje den 22. september 2013. Dette jubileet er under planlegging og det er sett ned ei nemd som skal skrive bok om Eikefjord kyrkje. Les meir om 250 år…