20100829-250-turloyper009

Opning av gamle ferdselsvegar til Norddalsfjord.

20100829-250-turloyper009I dag blei det satt ein høgtidleg sluttstreken for eit 5 års prosjekt med merking og dukumentering av gamle ferdselsvegar mellom Eikefjord/Solheim og Norddalsfjord. Gjenopninga av ferdslevegane fann stad på Notavollen, ei øyr rett vest om Norddal kyrkje. Dette er plassen der Rakel Kalsvik rodde i land med kyrene sine etter først å ha rodd over Eikefjorden og så drifta kyrene over høgda vest av Strandanipa.

Margunn Sunnarvik og Odd Asle Endestad starta ferda i Kalsvikane i morgontimane.
20100829-525-turloyper003

Ferda gjekk vidare mot Tonheim og opp lia vest om Strandanipa.
20100829-525-turloyper006

Kolbjørn Hovland var med som kjentmann og vi gjekk over til Kloven og vidare derifra inn under Middagsnipa og innover til stien som kjem ned frå Norddalstøylen. Her gjekk turen ned til sjøen igjen og så ein rotur ut fjorden og inn til opningssermonien.
Kolbjørn Løken kom også inn fjorden i robåt. Han gjekk den merka stien heimanfrå og bort i Grovalendinga. Her blei han plukka opp og fekk skyss inn til fjorden og ankom på same tid som vi som kom frå Kalsvikane.

For Rakel Kalsvik var ferda ikkje ferdig her ved sjøen. Ho drifta dyra oppover skogen i ulendt terreng, forbi Storevatnet og opp til Fessevatnet der ho hadde støylen. Flora Turlag arrangerte etter opningssermonien tur opp til støylen.

Les også Firdaposten