OPE BREV TIL OLJE- OG ENERGIMINISTER

Dei tilsette ved Eikefjord barne- og ungdomsskule har skreve brev til Olje- og energiministeren. Brevet er gjengitt nedenfor

 

Dei tilsette ved Eikefjord barne- og ungdomsskule

v/rektor, klubbleiar og verneombod

6940 EIKEFJORD 31. januar 2012

 

Olje- og energiminister Ola Borten Moe

0033 OSLO

 

OPE BREV TIL OLJE- OG ENERGIMINISTER Ola Borten Moe:

420 kV-linja så nær Eikefjord skule skapar frykt!

Kjem kraftlinja så nær skulen som no vedteke, er dette i strid med Opplæringslova og med vedtak fatta i FN i 1992.

Det er med stor frustrasjon vi ser at den nye 420 kV-linja er planlagt ca 280 m inn til skulebygningen vår, og midt i nærområdet vårt. Vi er sterkt bekymra for den strålinga elevar og tilsette kjem til å bli utsette for. Det nære skogsområdet vil bli ueigna til å opphalde seg i, eit stort tap i ei tid der fysisk aktivitet skal vektleggjast.

Elektromagnetiske kraftfelt fører til auka førekomst av leukemi hos born (BMJ 2005). Faren avtar med avstand til linja. Undersøkingar i England av linjer med lågare kapasitet enn 420 kV-linja, seier at det er 70% større risiko for å få leukemi for barn som oppheld seg nærare enn 200 m frå linja, og 20% større risiko mellom 200 og 600 m. Den komande linja skal gå parallellt med to linjer som alt går nord for skulen, noko som forsterkar kraftfeltet.

I Opplæringslova heiter det i §9a-1: «Alle elevar i grunnskolen og vidaregåande skolar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring». I §9a-2: «Skulane skal planleggjast, byggjast, tilretteleggjast og drivast slik at det blir teke omsyn til helsa, tryggleiken og læringa til elevane».

Foreldre har overfor skulen gitt uttrykk for stor uro over at traseen kjem så nær skulen. Barn, ungdom og vaksne som skal opphalde seg her, er redde, og dette ber vi departementet ha forståing for. Føre-var-prinsippet vart vedteke på FN-toppmøtet om miljø og utvikling i Rio i 1992: Når menneskelege aktivitetar kan føre til negative konsekvensar som vitskapeleg sett er sannsynlege, men usikre, skal tvien komme miljøet og menneske til gode. Prinsippet er tenkt å vere førande for beslutningstakarar på alle nivå i alle land».

Det er berre ein måte å unngå den elektromagnetiske strålinga på, og det er ved å flytte linja lenger vekk frå skulen, meiner Noregs Naturvernforbund. I NOU 1995 står det: » Ved anlegg av nye kraftledninger bør man søke å unngå nærføringer til boliger, barnehager, skoler o.l». Vidare heiter det: «Aktuelle tiltak er i første rekke traseendringer».

Vi krev at linja vert flytta lenger vekk frå skuleområdet. Det er enno ikkje for seint! Det gjeld helsa og oppvekstmiljøet til dei komande generasjonane i bygda.

Helsing dei tilsette ved Eikefjord barne- og ungdomsskule

v/rektor, klubbleiar og verneombod.