20120229-250-per

-Nytt og betre liv

Inspirert

-Dette er heilt storarta, gliser Per Endestad på bilete under.

20120229-250-perPer Endestad er i ekstase etter å ha vore på onsdagens inspirasjonskveld med Sparebanken Sogn og Fjordane i Allhuset. Her har han nettopp sikra seg eit signert eksemplar av den nye boka til Kenn Halstensen.

Kampar på bana

Ellers så går det ikkje mindre enn sju aldersfastlagde kampar i finvèret på bana i dag laurdag i frå kl 10.00 og utover. Janne i kiosken og resten av fotballgruppa ynskjer velkomen.                                                                                         

Dette og meir til les du her på  www.eikefjord-fotball.no

20120229-525-spsognogfj

Det var lærerikt, inspirerande og ikkje minst stor underhaldning då Arvid Andenæs, Per-Øyvind Sørbø og Kenn Halstensen entra scena foran dei over hundre tilhøyrarar som hadde funne vegen til  Allhuset i Eikefjorden i kveld.

Med treffande replikkar og muntre historiar vart innhaldet og dei gode poenga til desse tre føredragshaldarane servert publikum på ein framifrå måte då Sparebanken Sogn og Fjordane og fotballgruppa i Eikefjorden hadde skipa til inspirasjonskveld for heile bygda.


Sjølv om Kenn Halstensen var det store trekkplasteret, så var det vel så kjekt å høyre på banksjef Arvid Andenæs fortelje om Sogn og Fjordane i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.

Mellom anna fortalde banksjefen om dei fantastiske levevilkåra vi som bur her i Sogn og Fjordane eigentleg har.

-Mange stader i verda får til dømes jenter korkje lov til å spele fotball eller gå på skule.

–Eg oppmodar om å heve blikket og smile til kvarandre. Utruleg nok går det faktisk heilt fint å bu i Måløy sjølv om det ikkje finnast akuttberedskap der, minna banksjefen tilhøyrarane om.

Les alt om denne kvelden her på www.eikefjord-fotball.no

fair-play-250