Mistanke om køyring i rusa tilstand

Etter tips frå publikum rykka politiet ut til rv 5 Sundefjellet og stoppa ein bilførar i 60 åra som ikkje har førarkort. Ved kontroll viste det seg at det var grunn til å tru at mannen ikkje var edru heller. Han vart pågripen og det var teke blodprøve av han før han vart dimittert. Saka vert vidare etterforska av Flora politistasjon, melder politiet.