Minner om amerikansk julekonsert i Flora samfunnshus

Laurdag 6. desember inviterer Koriander og Brandsøykoret, saman med dyktige musikarar, til «The Sound of Christmas». Dette blir ein «feel good»-konsert med kjende amerikanske julesongar. Vi kan nemne: O» Holy Night, Winter Wonderland, Let it Snow om mykje, mykje meir. Det blir glitter og glam «all the way» med eigen koreograf som er innleigd for anledninga! Du kan velje mellom konsert kl. 18.00 og kl. 20.30. Billettar får du på www.florasamfunnshus.no, eller i billettluka på Flora samfunnshus.