Asbjørn Sørdal og Gunnvald Stegane er to av dei som bur nær linja som er planlagd over Storebru. Fjøsen til Asbjørn vil være berre 10 meter frå masta. Fjøsen, huset hans og eit hus til må jevnast med jorda om linja kjem der det er bestemt den skal gå. Fjøsen hos Gunnvald er 65 meter frlå linja, medan huset er 140 meter frå gigantlinja. Begge to føler seg svikta av storsamfunnet og det nye bystyret i Flora.
Både NVE, Statnett, fylkeskommunen og Flora kommune gjekk inn for alternativet over Humlestøl. Det var då overraskande at Olje og energiminister Ola Borten Moe oversåg desse tilrådingane og la linja tvers over gardane til Asbjørn og Gunnvald. Dei føler seg også svikta av det nye bystyret i Flora, som dei meiner har gitt opp saka alt for lett.
Gunnvald seier vidare til Firdaposten at dei ikkje vil gi opp kampen for husa sine.
Les meir i Firdaposten tirsdag