11 ting du berre gjer på Eikefjorddagane

Stakkars Eike, maskotten til Eikefjorddagane, vart fødd ut av ein trekasse ved midnatt for nøyaktig tre år sidan med halve bygda som tilskodarar. Guten må til og med bu i toppen av eit tre i Eikeskogen, noko som ikkje er normalt for skapningar som berre brått sprett opp av ein trekasse. Ein skulle tru at slike heldt seg på bakkenivå.
Så ein kan godt skjøne at Eike berre torer å vise seg på Eikefjorddagane. Som tidsfordriv i dei resterande 362 dagane i året brukar Eike på å lage gåver som han gjev vekk til tilfeldige forbipasserande.
Så dersom du ser Eike, så vert han svært så glad om du helsar på han og gjev han ein skikkeleg bamseklem.
