Med sine fargerike og feminine bilete, set Kathrine Gjestland eit særs hyggeleg preg på lokala til Nærleiken i førjulstida!
Kathrine Gjestland er oppvaksen i Gloppen, men bur for tida i Bergen. Bileta hennar er laga i ein unik blanding av måling og tekstil, noko som gjev eit heilt særeige uttrykk. I tillegg til sitt arbeid som biletekunstnar, arbeidar ho og som musikkpedagog. Kathrine har hatt fleire utstillingar, både aleine og i lag med andre.
Utstillinga opnar laurdag 20. nov kl 12 med ein sosial og triveleg vernissage kor kunstnaren sjølv vil vere til stades. Då vert det servering av gløgg og ein vil få glede seg over nokre musikalske innslag av Ellisif Gjestland (song) og Sven Arne Glosli (gitar).
Salsutstillinga vil henge i vår kaffibar fram til årsskifte. Nærleiken kan glede alle med at opningstidene i desember er utvida til dagleg opent frå 14 til 18 slik at flest mogleg kan få gleda av å sjå desse fine bileta, og ikkje minst handle spennande julegåver frå heile verda!
Velkommen til vernissage og til ei triveleg førjulstid på Nærleiken!See More