Kan ikkje flytte linja på Storebru

Statnett ser ikkje føre seg korleis dei kan skjerme busetnaden på Sorebru frå 420 kV-linja som OED har bestemt skal gå der. Linja går mellom den eksisterande linja og busetnaden og ein kan ikkje krysse den eksisterande linja. Dermed vil nokre familier på Storebru få linja bokstavleg tala helt inn på tunet.

Statnett har ikkje kompetanse på stråling og forheld seg til det Statens strålevern har sett opp. For hus som ligg utanfor 100 meters grensa treng dei ikkje gjere tiltak, medan Asbjørn Sørdal som har huset innanfor grensa må flytte frå garden han har vokse opp på.

Eling Sande frå Senterpartiet og leiar for Energi- og miljøkomiteen på seier at ein ikkje kan forvente at regjeringa grip inn og trekkjer attende løyvet etter mange års prosess. Dette ville opne for ein ny, kostbar proseess så han har forståing for at OED ikkje vil ha ein ny konsesjonsrunde

Også Fylkesordførar Åshild Kjelkenes er svært skuffa over utfallet 420 kV saka fekk i OED. I denne saka ville vi skjerme folk framfor natur og derfor gjekk fylket inn for alternativet som alle trudde villle komme. OED landa likevel på alternativet ingen ville ha.

Les mei i Firdaposten lørdag