Julekonsert med Koriander

Tradisjonen tru inviterer Koriander til julekonsert i kyrkja, siste søndag i advent. Vi ynskjer å gje publikum ei god musikalsk oppleving og håpar at alle vil finne fram til den gode julestemninga. Du vil få høyre mange av dei kjende og kjære julesongane, framført av både kor og solistar. Vi har i år vore så heldige å få med oss Michael David Dan på piano/orgel.

Vel møtt!

Billettprisar:
Vaksne 100,-
Born 50,-