Invitasjon til dugnadsfest!

Vi har nettopp gjennomført dei 11. Eikefjorddagane, med publikumsrekord. Dette arrangementet hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre utan den enorme dugnadsinnsatsen som vert lagt ned av lag, organisasjonar og privatpersonar. Truleg har det aldri vore så mykje folk i dugnadsarbeid som i år.

Eikefjord grendalag er svært takknemlege for den innsatsen folk har lagt ned, og ønskjer med dette å invitere til dugnadsfest 7. september kl. 20.00.

 

Arrangementet er lagt til Koriander si jubileumsfeiring på Langedalsbua.

Deltakarane får då varm mat med noko å drikke attåt, konsert og dans.

 

For påmelding kontakt:

Anders Ole: e-post: anders.forde@mobelringen.no tlf. 90 73 24 01

Mona: e-post: mostand@hotmail.com tlf. 41 51 38 65


Vi ønskjer alle hjarteleg velkomne til dugnadsfest!
J