Det var om morgonen 15. april 2011 at seks år gamle Julia var på veg til skulen i Eikefjord. På veg austover mot sentrum kom ho på at ho hadde gløymd att noko heime, snudde seg og kom ut i vegbana. Bilen som kom i mot klarte ikkje stogge.
Sidan ulykka skjedde har familien Rønnekleiv Endestad jobba for at den 500 meter lange skulevegen skal bli tryggare. Men dette har vist seg å vere ein vanskeleg kamp.
– Det er planar og regulering for ein gang- og sykkelveg forbi her, men for oss er det viktig med mellombelse tiltak som reduksjon av fartsgrensa eller fartshumpar, seier Hanne Sølvi Rønnekleiv.
Flora kommune har sjølve definert vegen som trafikkfarleg, og no får alle langs vegen gratis skuleskyss om dei søker om det, sjølv om dei bur innanfor to kilometersgrensa. Men borna må likevel langs vegen for å komme til busstoppet.
Les meir om Julia og familien sin kamp i Firdaposten laurdag og Firdaposten.no.