Husdraumen blei eit mareritt

Trond Ove Hopen og sambuaren flytta heim att til Eikefjord, kjøpte seg tomt og ville bygge hus. Men det har ikkje gått heilt etter planen. No refsar Hopen politikarane i klageutvalet i Kinn for at dei har forsinka og fordyra prosessen.

Kommunen godkjende planane, men naboane klaga på at huset ville ta for mykje av deira sol og utsikt. Plana hamna i klagenemda som oversåg administrasjonen sitt vedtak og forlangde huset flytta 4 meter. Etter klage vart dette omgjordt til 1,5 meter.

Les meir i Firdaposten

Fleire har reagert på måten klagenemnda har gått fram i saka om huset Trond Ove Hopen vil byggje i Eikefjord. 

Naboane Erlend Øren og Malin Steinset ber om at klagenemnda tek eit oppgjer med seg sjølv og sine medlemmer. Eitt av klagenemndas faste medlemmer har hatt ein særleg aktiv rolle i klagesaka. Medlemmet har eit nært vennskapsforhold til klagar. Øren og Steinset namngjev ikkje politikaren i si klage, men det gjer Trond Ove Hopen. Medlemmet som dei meiner trør feil, er Trine Hovland (H). Ho bur sjølv i Eikefjord.

Både komunaldirektøren og klagenemda meiner at reglane for habilitet er overhalde. Sjølv svarar Trine Hovland slik på kritikken: – Eg har vore ugild gjennom heile prosessen, og Line Sundal har vore kalla inn som vara til nemnda. Eg har ikkje vore inne i noko som helst av saksgang eller behandling av denne klagen.

Les meir i Firdaposten