Eikefjord treningssenter (ETS) opnar for bortebuarmedlemer; medlemer over 16 år som bur borte, og berre treng ETS i periodar dei er heime.
Dei som ynskjer bli BB-medlemer sender melding med
Namn – fødselsdato – adresse – e-post – mobilnummer – treningsperiode (dato start – slutt)
samt skjermbilde av kvittering/Vipps for betalt periode til ETS.Eikefjord@gmail.com.
Dersom du er under 18, må føresette garantere for deg ved å signere skjema i hallen.
Personleg nøkkelkort vert å signere ut/hente hjå driftsoperatør i opningstider
måndag-torsdag 16:00-22:00.
Meld frå om det ikkje er råd å hente kort personleg innan desse tidene, så ordnar vi det.
Ved seinare treningsperiodar, melder du frå om, og sender kvittering for betaling for ny periode til same e-postadresse. Nøkkelkortet ditt vert då aktivert for perioden du betalar for. Du må ha betalt aktuell periode før kortet vert aktivert.
Prisar:
Helg: datofest tor-sun 150,-
Veke: datofest sjudagar periode 200,-
To veker: datofest to veker periode 250,-
Månad: datofest månadsperiode 400,-
Ved tapt eller øydelagt tilgangskort må ein betale 150,- for nytt kort og vidare tilgang på tenester.
Vipps til EIL Friidrett #135370.
Venleg helsing
Cathrine Holsen Gardner
medlemskontakt
for ETS, EIL Friidrett.
ETS.Eikefjord@gmail.com/46681680