Forslag om ny trase rundt Eikefjord

Grunneigarar og grendelag i Eikefjord-området har dei siste dagane lagt ned ein formidabel innsats for å dokumentere at traseen som olje- og energiminister Ola Borten Moe bestemte rett før jul, ikkje kan aksepterast. I dag samlast bygdefolk og kommuneleiing til møte i Allhuset for å leggje strategien vidare. Dei har også henta inn advokat Magne Revheim frå Bergen som er spesialist på denne typen saker.

Ordførar Bengt Solheim-Olsen og rådmann Terje Heggheim skreiv 2. april eit brev til departementet der dei ber om eit møte for å få ei ny vurdering. I brevet stiller dei spørsmål ved om det er mogleg å leggje 420 kV-lina frå Tonheim til Kapstad lenger nord, og om traseen ved Storebru kan plasserast i ei sløyfe sør for grenda.

Til møtet i dag skal grunneigarar frå dei tre bygdelaga, Storebru, Knapstad og Eikefjord sentrum ha med seg kartskisser som viser konkrete forslag til løysingar. Etter det Firda kjenner til, vart det jobba med dette heilt fram til torsdag kveld.

Målet er ambisiøst; nemleg å komme fram med ein ny trasé som ikkje fører til nye konfliktar.

Les meir i Firda